Prosjektveke

Førre veke såg vi dokumentarfilmar. Fyrst «Living without money». Denne handla om ei kvinne som har levd utan å bruke pengar i fjorten (FJORTEN!) år. Ho eig ingen stad å bu, men reiser frå stad til stad og møter nye vener som ho får husrom hos. Maten ho åt fekk ho hjå dei ho budde hos, eller ho bytte han til seg i butikkar mot andre varer ho hadde, eller mot tenester. Ho betalte også for opphalda sine ved å hjelpe til i huset eller berre gjennom å vere til stades for dei som trong nokon å snakke med. Vi fekk sjå korleis ho utfordra eigne og andre sine grenser, og ikkje minst utfordra omgrepet verdi. Som det vart på påpeika ein stad i filmen, så er samfunnet vårt konstruert slik at ting ikkje har verdi i seg sjølv dersom dei ikkje fyrst har fått sett ein pengeverdi på seg. Om du får noko gratis eller byter det til deg mot ei anna vare eller teneste så har det lågare status enn dersom du har kunne legge store summar i den same vara.

Den andre filmen vi såg var «No Impact Man». Her har hovudpersonen bestemt seg for at han og familien skal leve med så lite påverknad på miljø og klima som overhovud mogleg. Utgangspunktet er ein familie på tre, busett midt i New York, der han arbeider som forfattar og ho er tilsett i eit økonomitidsskrift. Dei et mesteparten av maten sin på restaurant, og kona er sjølverklært Starbucks-avhengig. Målet med prosjektet var å endre leve- og forbruksvaner gjennom tiltak av varierande grad av ekstremitet, som til dømes å leve heilt utan straum eit heilt år, og å berre leve på mat som er lokalprodusert i New York stat. Vi såg korleis familien vart tvungne til å gjere andre og meir miljøbevisste val i kvardagen, og, som han sjølv sa, som følge av dette verte betre ektefellar, betre foreldre, og dei gjekk attpåtil ned i vekt som følge av all trappegåinga og syklinga. Kanskje også på grunn av Starbucks-forbodet.

Vi fekk sjølvsagt idear.

Etter ein del idémyldring og googling bestemte vi oss for at vi hadde lyst til å gjennomføre vår eigen vekelange symbiosevariant av det personane i filmane hadde gjennomført. Kor lite pengar er det mogleg å bruke? Kor lite søppel er det mogleg å produsere? Kor lite straum treng vi? Går det an å redde verda litt på kun ei veke?

One thought on “Prosjektveke

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s