Lite lys og lite varme

Heilt sidan bryllaupet vårt for to år sidan har vi teke vare på alle stumpane som vert att etter stearinlys. Isboks på isboks med stumpar har vorte fargesortert og gøymt unna i det svarte holet som er boda vår, med den tanken at vi ein gong skulle levere dei til NMS gjenbruk eller gjere noko anna nyttig med dei. Sidan eit av punkta i prosjektveka var å ikkje bruke elektrisk lys eller bruke pengar, vart dette nyttige altså å støype og dyppe om restane til heimelaga lys.

Vi har prøvd å både dyppe og støype lys eit par gongar tidlegare, men var ikkje særleg nøgde med resultata. Fyrste gongen vi prøvde nytta vi kun vanleg hushaldningshyssing til veike, men det viste seg at det er ein grunn til at ein går på Panduro og kjøper ekte veike-vare. Hyssingen sine branneigenskapar var så dårlege at det einaste han eigentleg bidrog med var å ha noko ein kunne dyppe lysa kring. Den einaste varmen desse lysa produserte var den vi produserte sjølve gjennom den harmen dette faktum påførte oss.

Den andre gongen stakk vi innom Panduro fyrst for å ha ordentleg veike, og det gjekk betre. Vi fekk laga nokre gilde dyppa lys i ein slags mørkeburgunder farge som eit resultat av å blande alle moglege stearinrestar. Desse brann godt, og vi var godt nøgde med både dei og oss sjølve. Vi freista òg å støype nokre kubbelys, men det vart ikkje same suksess. Då dei hadde stivna, hadde nemlig stearinen trekt seg saman og det vart eit slags krater attmed veika, slik at veiken drukna nokså fort etter at lyset vart tend.

Denne gongen hadde vi altså atter bunkra opp med både ordentleg veike, friskt pågangsmot og dyrekjøpte erfaringar, og bestemte oss for både å dyppe lys og å støype lys, slik at vi kunne ha både lange lys til lysestakane på pianoet og kubbelys til å ha på bordet.

Lange lys til pianobruk er eit must.

Lange lys til pianobruk er eit must.

Dyppinga gjekk føre seg på følgande måte:
Vi rigga til den frittståande kokeplata som vi nyttar når vi bryggar, og plasserte den største kjelen vår oppå denne. Deretter fylte vi ei vaskebytte (her anbefalar vi på det sterkaste å ha ei eiga bytte til lysdypping!) med vatn og lysrestar. Sidan vi ikkje nytta elektrisk lys trudde vi at vi hadde plukka ut lysrestar som ville gje oss ein frisk lilla/burgunderfarge, men i dagslys dagen etter synte det seg at vassen bleikraud var nærare røyndomen. Vaskebytta vart plassert i vatnbad i kjelen, og slik smelta lysrestane sakte og la seg som eit tjukt lag på toppen av vatnet i vaskebytta. Vi har kome til at dette er den luraste måten å gjere dyppinga på, sidan vi ikkje har nok av verken tålmod eller stearin til å kunne fylle heile bøtta med smelta stearin åleine. Om vi ikkje hadde hatt vatn i vaskebytta ville det verte vanskeleg å få lange nok lys, og sidan vatnet og stearinen avstøyter kvarandre så er dette ein uproblematisk måte å auke dyppelengda på. NB: Det er viktig å gjere unna kvart dypp nokså fort, for den tida lyset er heilt senka ned vil det vere omgjeve av varmt vatn som smeltar stearinen av lyset att. Evigheitsarbeid.

Martin dyppar lys.

Martin dyppar lys.

Støypinga gjennomførte vi slik:
Vi hadde ein litt stor kjele med vatn på komfyren, og hadde ein isboks med stearin oppi. Vi kunne nok ha smelta stearinen direkte i ei kjele, men erfaring seier at det er frykteleg å få reint etterpå… No smelta vi ikkje så mykje om gongen, og det vart dermed mogeleg å fargesortere noko. Sidan kjøkenvifta vår diverre ikkje fungerar utan at lyset over omnen er på, vart denne fargesorteringa litt meir opplyst enn ved dyppinga. Det var enkelt å helle ut av isboksen og over i melkekartongar og IKEA-plastkoppar, som vi nytta som støypeformar. I enden på veikene knyta vi eit kronestykke, slapp dei nedi, og la ei skjei eller pinne på toppen som holdt veiken opp og bort frå overflata. Vi lot lysa størkne, og så helte vi oppi litt meir stearin, for å sleppe kraterproblematikken.

Den store veikedauden

Den store veikedauden

Men heller ikkje denne gongen fekk vi det resultatet vi ynskte oss! Det er eit stadig problem at veiken på dei lysa vi støyper druknar i sin eigen stearin. Dette er nok både fordi lysa sekk litt saman når stearinen tørkar, samt at veiken nok ikkje har vore stram nok medan stearinen har stivna, slik at han låg litt i buktar og kveilar nedover i lyset. Neste gong skal vi prøve å feste veiken på eit vis fyrst, slik at vi veit at han held seg rett. Og vi lurer også på om det fins eigne veikar som er betre egna til kubbelysstøyping. Sjølve støypinga gjekk jo mykje raskare og enklare føre seg enn dyppinga, så det hadde vore kjekt å få det til med eit vellukka sluttresultat. Heldigvis fører den stadige veikedrukninga til at vi framleis har eit ganske stort – og stadig veksande – lager med lysestumpar som det går an å teste ut dei nye teoriane på.

PS.: Ein kan nok spørre om det er betre for økonomien og miljøet å brenne av ei masse stearinlys som i si tid har vorte laga i fabrikkar i ulike verdenshjørner, enn å bruke nokre watt på elektrisk lys. Dette er vi fullt klar over, og vi har ikkje ein gong prøvd å finne eit svar (opplys(!) oss gjerne om du veit meir). Men poenget vårt var å freiste å klare oss med lavt straumforbruk, og verte meir medvitne forbrukarar. Det er dessutan koselegare med stearinlys! Både under produksjon og ved avbrenning.

4 thoughts on “Lite lys og lite varme

  1. Etter å ha jobba i Nms U har eg fått med med litt om lysstøyping men ikkje testa ut. Eg tru det er vanleg å støype oppned, altså veiken du fyrer på stikk ut av ei slags form og er strekt ut ved hjelp av f.eks ein pinne. Når stearinen stivnar og sekk saman i botnen fyller ein på med meir stearin.

  2. Tilbakeping: Lysstøyping 2.0 (reblog) | Grøn er ein fin farge

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s