Oppsummering av prosjektveka

Før vi held fram med å poste innlegg om det eine og det andre, er det no på høg tid at vi oppsummerar prosjektveka vår. Hugs at prosjektveka ikkje handla om at vi skulle leve eit perfekt liv, og vi vil sjå på både lure og ulure ting vi gjorde…

Av med lyset
Som vi har skrive, brukte vi ikkje elektrisk lys i det heile tatt denne veka. Det fyrste å seie om det er at det er koseleg! Kombinert med TV- og data-fri, fekk vi nokre riktig koselege kveldar. Dagana verka lengre, og vi følte vi fekk gjort meir, og vi skjønte kor effektive tidstjuvar desse teknologiske nyvinningane er. Vi fekk lest, gjort handarbeid, starta ein blogg, osb.

Nokre gonger vart ting naturleg nok vanskeleg, som då vi skulle leite fram ting i det rotete og overfylte kottet utan godt lys, men vi såg òg kor ofte ein ikkje treng slå på lyset, og at vi ofte gjer det av vane og ikkje av trong. Vi såg kor godt dagslyset er, og vart meir medvitne det og la betre merke i korleis det vert lysare og lysare for kvar dag. Vi kunne relatere oss til gamle dager, då det var slik dei levde. Ein fin ting med dunkel belysning er òg at ein ikkje ser kor skite det vert. Men dermed kan ein òg seie at ein bakdel er at det nettopp difor vert skitent. I tillegg sotar lysa ein del, særskilt når vi bles dei ut, og dei kan til og med løyse ut brannalarmen. Det skjedde oss, då vi blas ut lysa for natta, og alle i huset vart vekt…

Vi må kanskje seie at vi ikkje har rekna noko på økonomien i stearinlys kontra elektrisk lys, eller energireknskapen om ein tek ei livløpsanalyse av lyspærer og stearinlys og set dei mot kvarandre. Det hadde vore interessant, men eit omfattande arbeid.

Eit viktig tips til slutt: Om du skal klare deg med kun stearinlys, lyt du ha ein fast plass til fyrstikkene, elles vert det vanskelig å finne dei medan du fomlar rundt i mørkret. Røynde hytteeigarar smiler nok overberande når dei les dette…

Spar på straumen
Eit tiltak vi gjorde, som nok monna meir enn lyskuttinga, målt i både kroner og kilowatt-timar, var å setje ned temperaturen i bustaden. Vi har før hatt omlag 22 grader inne, men no satte vi det ned til 18-19, og kompenserte med å ha på litt meir klede. I starten tykte vi det vart litt vel kaldt, men faktisk har vi vent oss til det, og ullstilongsen vart kasta etter nokre dagar. Å drikke morgonkaffien under eit ullteppe er forøvrig ein trivelig start på dagen.

bilde 3

Dusjing har vi allereie skrive om, men ein annan viktig varmtvassforbruksverksemd er oppvasken. Her prøvde vi òg å gjere nokre grep. Vi var flinke til å skylle ting med ein gong (i kaldt vatn), og hadde ei balje med såpevatn ståande i oppvaskkummen som vi gjorde unna småoppvask i idet han vart til. Det er mykje som ikkje treng varmt vatn for å verte reint. Vi sparte på denne måten mykje varmtvatn, og enno betre (for oss, kanskje ikkje for klimaet og verdfreden): Vi brukte mindre tid på oppvasken! At vi ikkje har laga oss dei same vanane tidlegare er berre toskskap, spesielt sidan vi ikkje er velsigna med oppvaskmaskin og har ein kjøkenbenk som nesten er av negativt areal.

Vi målte forresten kor mykje straum vi brukte denne veka, og resultatet vart 339 kWh. Vi veit eigentleg ikkje om det er bra eller dårleg, og denne prosjektveka var ikkje planlagt, så vi har ikkje noko å samanlikne med. Med straumprisen på 33,32 øre/kWh gjev det oss ei utgift på 339 kWh * 0,3332 kr/kWh = 113 kr ei veke midt på vinteren (denne veka var utetemperaturen på litt under null). Vi trur ikkje det er så ille.

“Jeg er Søppel-Bill, søpler (nesten) ikke til”
Eit mål for veka var å kjøpe lite og kaste lite. Dette heng jo saman, og noko av det viktigaste ein kan gjere, har vi høyrt sagt, er noko så enkelt som å ete den maten ein kjøper. Då vert det ikkje kasta mat, ein treng ikkje kjøpe så mykje mat, og dermed vert det ikkje kasta så mykje emballasje heller. Når det gjeld mat var vi fra før nokså flinke til å ete restar og bruke fryseboksen, men vi såg no at vi også hadde litt å gå på. Til dømes laga vi pannekaker ein dag, og fann ei vaffelrørerest og ein nedfrosen mjølkekartong, som viste seg å ha ligge der sidan 2009. Ein reddar ikkje verda med å putte ting i fryseboksen – ein lyt òg hugse å nytte dei ved eit seinare høve. Pannekakene vart forøvrig riktig så gode.

Gjennom å tenke på kor mykje søppel vi hiv fra oss, har vi blitt meir medvitne alle kjelder til søppelproduksjon, og prøvd å kome på lure måtar å minske det på. Verstingen i søppelverda, trur vi, er emballasjen. Før – i mi tid – låg til dømes gulrøtene laust i ei kasse i butikken, og ein kunne kjøpe seg ein bunt. No ligg dei i påse, og gjerne i ei lita plastøskje inne i påsen. Ein kan sjå etter dette når ein er på handel. Her er nokre andre småtriks vi delvis nytta frå før, og delvis tileigna oss no:

bilde 1

– Ikkje ta unødvendige datautskrifter (og skriv ut på begge sidane!)
– Bruk papirark oppatt. Ofte er det ikkje viktig korleis baksida på eit ark ser ut.
– Ha eit handlenett liggande i sekken/veska. Ein handletur kan ofte komme overraskande på, til dømes på veg heim frå jobb, og då lyt ein kjøpe med plastpose, om ein ikkje er framsynt og “tilfeldigvis” har eit tøynett på lur.
– Ha ein “snyltekopp” liggande i sekken/veska. Ein liten kopp tar ikkje stor plass, og då sparar du på eingongskoppane når ein får “Jesus-kaffe” i Nordre gate, på korøvelse eller andre stader.
– Lag eigne vaskbare pads til sminkefjerning (det vert nok meir å lese om dette seinare)
– Lag eigen deodorant(!)
– Pakk brødet i eit klede og ikkje i ein plastpose. Også når ein skal fryse det ned. Brødet held seg faktisk ferskt lengre.
– Ta vare på lysestumpar og smelte dei om (nok om det i ein gamal bloggpost…)

Vi vog søpla vår denne veka, og her er resultatet. Vi er godt nøgd:
Plast:  285 g (mest plastemballasje)
Papir: 685 g (mest mjølkekartongar og aviser)
Kompost: 1434 g (mykje kaffigrut, og skal av frukt og grønt)
Restavfall: 45 g (lite, ikkje sant? Mest blandingsembalasje, og veldig skiten plast)

Pengane eller livet
Etter å ha ført eit nøye reknskap over utgiftene denne veka vart det veldig tydeleg at dei pengane vi brukte gjekk til mat. Fortrinnsvis mjølk og kaffi (om vi ikkje hadde hatt eit lager av fyst, kjølt, sylta og tørr mat, hadde vi nok måtte handla meir). Og straum. Og husleige. Noko anna treng vi faktisk ikkje. Vi er så heldige å ha opp og i mengder av alt vi treng av materielle goder i tillegg til å bu i gang- og sykkelavstand frå det aller meste, så det gjekk ikkje pengar til korkje kle, ting eller transport. No er det vanskeleg å danne seg eit godt bilete av alle tinga ein treng eller ikkje berre gjennom ei einsleg veke, men vi vart som med alt det andre vi har gjort denne veka tvungne til å tenkje gjennom gamle vaner. Det er fort å gløyme at den tiaren du brukar på kaffi i kantina kvar dag fort vert til mange tiarar i veka, og hundrelappar i månaden. Om du i tillegg skal kjøpe lunsj rullar kronene raskare. No vart vi tvungne til å ha med eigen kaffi på termos og eiga niste. Og om du er nisteschizofren som Marièl (morgon: “mmmm, tørr skjeve med tynt lag leverpostei er kjempegodt til lunsj, det skal eg jammen lage meg/lunsjtid “iuuuu, kven har smurt på denne triste nista!?”) så må ein også planlegge nista litt før ein sit der i mørkret på morgonen og skal freiste å lage gull av gråstein (les: brødskjeve og leverpostei). I løpet av denne veka fekk vi heller ikkje brukt pengar på ymse fritidstilbod som kino eller ein tur i klatreveggen, men eigentleg tykkjer vi det er betre å bruke pengar på opplevingar enn å kaste dei vekk på emballasjen kring gulrøtene.

bilde 2

Konklusjon
I løpet av denne mykja har vi gjort mykje nytt. Vi har tenkt mykje nytt. Og vi har lært mykje nytt. Som dei akademikarane vi er hadde vi sjølvsagt formulert konkrete ynskje og mål for kva vi ville oppnå med denne veka, og i stor grad tykkjer vi at desse vart oppnådd. Vi vart meir medvitne på vårt eige forbruk. Dette gjaldt både forbruk av pengar, forbruk av varer og forbruk av tid. Samfunnet så og seie krev at du heile tida skal ha lyst på nye ting for å føle deg vel, og det er kanskje vanskeleg å finne seg til rette med at du ikkje kan kjøpe alt du har lyst på, eller at det du har lyst på eigentleg ikkje er noko du treng. Denne vanen med å springe til næraste utsal vert etter kvart nesten til eit rituale ein må gjennom for å kjenne at ein er noko her i verda, og det kan vere eit lite tiltak å klare å bryte ut av den, men vi opplevde at gleda over å finne på alternative (og etter vårt syn betre) løysingar på ting var større enn den vi ville fått ved å betale for den same løysinga.

Som nemnt gjekk søppelproduksjonen ned saman med pengebruken, men berre på ei lita veke vart det kjempetydeleg kor mykje av det vi dreg i hus som er nettopp søppel. Kor mange har vel ikkje nærast teke livet av seg i kampen om å få opna den nye tannbørsten som er vakuumpakka i tre lag plast, berre så du skal vere sikker på at ingen andre har sleika på tannbørsten din før deg?

Forbruket av tid var det som vart den verkeleg store bonusen denne veka. Utan TV eller data som stjel all tid måtte vi plutseleg finne på noko anna å gjere på kveldstid. Somme av dykk har kanskje allereie sett og høyrt Marièl si nyyydelege tolking av Tir’na Noir på blekkfløyte (det stemmer, vi er musikarar, nemleg)? I tillegg har vi faktisk fått lest alle avisene vi har abonnement på, det har vorte strikka metervis med ullplagg til store og små, og vi har fått snakka masse med kvarandre. Kvalitetstid!

Opplev Marièl sin framifrå fløytesolo her!

Vi har antakeleg ikkje redda verda på ei veke, men vi håpar og trur at vi er i ferd med å skape oss nye vaner som kan vere med på å redde verda litt i løpet av den tida vi har her. Og om det ikkje er tilfellet så har vi det i alle fall utruleg moro medan vi prøvar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s