Grøn kvardag

Vi har testa ut ein ganske ekstrem variant av det å leve eit grønare liv. Det krever ein god del eigeninnsats og aktive val å til dømes skulle leve med minst mogleg straumbruk og lågast mogleg forbruk. Denne typen livsstil er underhaldande å lese om på ein blogg, men det gjer også at somme kanskje tykkjer at det verkar tiltakskrevande og med høg terskel å skulle arbeide mot å gjere sin kvardag litt grønare. Difor er dette blogginnlegget eit lågterskeltilbod for deg som framleis står på eine sida av gjerdet og ser at det er grønare på den andre sida. Tipsa er småting som vi har oppdaga undervegs i prosjektveka og elles, og som skriv seg frå ei undring over om det finst lurare og grønare måta å gjere ulike ting på. Det er på ingen måte ein fasit eller ei fullstendig oversikt, så om nokon av dykk der ute sit med lure tips og tankar som de vil dele, så tek vi i mot med opne armar!

1. Ha alltid med deg ein kniv, ein gaffel og ei skei i sekken/veska. Ein veit aldri når det dukkar opp eit behov for dette, og då er det kjekt å ha i bakhand. Så slepp du å bruke eingongsbestikk.

2. Ha alltid med deg ein snyltekopp. Også kalla turkopp. Ein slik ein som du kan brette saman er veldig praktisk, sidan den tek liten plass. Om du er på korøving eller andre sosiale samankomstar der det vert servert kaffi så har du spart miljøet for bruk av eingongskopp når du elegant flekkar fram din raffe snyltekopp. Ein bonuseffekt er at det med ein snyltekopp i bakhand vert veldig mykje enklare å – nettopp – snylte. Det er kanskje nokon som har brygga litt for mykje kaffi på kaffitraktaren på skulen eller jobben, og då kan ein raskt få stilla kaffitrongen med snyltekoppen, samstundes som kaffiskvetten ikkje går til spille. Om du ikkje driv så mykje med ambulerande kaffisnylting så kan eit alternativ vere å ha ein kopp (gjerne type thermo) ståande på arbeidsplassen.

3. Ha eit handlenett i alle veskene og sekkane dine. Somme av oss er flinke til å planlegge alle handleturar slik at dei alltid kan vere sikre på å ha med seg handlenett akkurat når dei treng det. Dei fleste av oss er ikkje det, og ender ofte opp med å “berre stikke innom” matbutikken på veg forbi. Då er det kjekt at du har eit handlenett eller to i bakhand! Ekstratips: Legg eit handlenett i sykkelveska di også.

krakk
 
4. Ha alltid med deg ein pianokrakk. Du veit aldri når du treng det… Det er jo tilfellet, men dette biletet skulle eigentleg mest dokumentere kor snedig det er å alltid ha med seg eitt eller fleire sykkelstrikk på sykkelen. Plutseleg har du vore innom den butikken på veg heim, og då er det kjekt å kunne stroppe fast ting som ikkje enkelt får plass i handlenettet, på bagasjebrettet eller i sykkelveska. Er du i tillegg merksemdjunkie som meg, er frakt av ukurante objekt også ein god og gratis måte å få tilfredsstilt dette på.

5. La det gå sport i å finne opp betre alternativ. Held brød seg like godt i kjøkenhandkle som i plastpose? Svar: Ja, betre. Går det an å fryse ned brød i kjøkenhandkle? Svar: Ja. Treng eg bruke ein ny bomullspad kvar gong eg fjernar sminke? Nei, det kan eg lage sjølv. Både Martin og eg er konkurransemenneske, og likar å vere betre enn. Samstundes tykkjer vi det er kjempespanande å utforske nye retningar og tankar. Dette brukar vi for å finne motivasjon til å utkonkurrere ferdigløysingane som butikkane og produsentane får oss til å tru at vi berre ha. Somme gonger skjønar vi at det er ein grunn til at ting er som dei er, men tilfredsstillande mange gonger er det faktisk slik at dei vanene vi har som forbrukarar berre er følgjer av at vi aldri har tenkt gjennom at den såkalla “enklaste” løysinga faktisk ikkje er den enklaste. Ikkje er det den mest morosame og spanande heller. Og i alle fall ikkje den beste for miljøet!

One thought on “Grøn kvardag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s