Om å vere saman

Denne bloggen er grøn. Namnet er grønt, og innlegga handlar mykje om det å vere “grøn”, eller altså miljømedviten. Men dersom du ser på undertittelen så ser du at han også skal handle om “å redde verda og andre kvardagslege ting”. Kva vil det seie å redde verda, kan ein spørre seg. “Kva er eigentleg verda” vil jamvel kanskje somme av oss spørre, etter litt for mange timar over postmodernistiske skriveri på ein einsam og kald lesesal på Dragvoll. I dei same postmodernistiske skriveria les vi også at det ikkje finst fullstendige svar på nokon av desse spørsmåla. Då er det lett å misse motet. Men at det ikkje finst noko svar er også noko av motivasjonen for å skrive denne bloggen. Som eg nemnte i førre innlegg så er eit av dei luraste grøne tipsa vi har å kome med akkurat det å innsjå at det ikkje finst svar som er absolutt og endeleg, men at ein ved å sjå på kvardagen gjennom eigne miljøbriller raskt ser kva små endringar som kan gjerast i eige liv for å trø litt meir varsamt på den smale stien. Dermed finst det ikkje noko endeleg svar på akkurat kva du skal gjere for å redde verda. Eller om verda let seg redde, for den saks skuld. Det er lov å håpe, og håpet er som kjent lysegrønt.

La oss seie at det går an å redde verda. La oss definere “redding” som det å klare å snu klimautviklinga og å gjere slutt på krig, urettferd, svalt og fattigdom. La oss seie at det er mogleg. Reint teoretisk. Kvifor skjer det ikkje? Er det ikkje slik at alle ser at dette er noko vi bør gjere noko med? At skeivfordelinga av ressursar, mat og velstand må rettast opp? Vert ikkje alle gripne på eit eller anna plan av bilete av svaltande born, bomberåka landsbyar og flaumar som oversvømmer avlingar? Eg trur svaret er ja. Eg trur det er ja, men at vi vert så lamma av hjelpeløyse og kjensla av at dette er noko som skjer langt vekke frå oss. Om vi pliktskuldigast resirkulerer mjølkekartongen vår og brukar handlenett kan det vel umogleg ha noko å seie for dei som svelt og krigar? Om vi gjev hundre kroner til Redd Barna ein gong i månaden så monnar det så useieleg lite i den store samanhengen.

Då eg flytte til Trondheim for snart åtte år sidan vart eg naturleg nok kjend med ei mengd nye menneske gjennom studium og fritidsaktivitetar. Som naturleg er i ein studieby var dette personar med vidt forskjellige bakgrunnar, politiske haldningar, legningar, økonomi og faglege interesser. Men felles for oss alle (i tillegg til ei ekstrem interesse for kor) var at vi var åleine. Dei fleste av oss hadde flytta frå familie og vener og til ein heilt ny by med heilt nye menneske, heilt nye butilhøve og heilt eigne bein å stå på. Likevel søkte vi saman. Trass i all denne fridomen til å gjere nett det vi ville, til å studere det vi ville og til å bruke studielånet på nett det vi ville så fann vi saman. Saman i kor, i foreiningar eller idrettslag. Stader der ein vart ein del av eit fellesskap og kanskje fekk kjenne at ein hadde noko å bidra med. Eller berre vere med. Ein arbeidde saman mot eit felles mål som kunne vere alt frå neste karatetrening til ein kjempekonsert. Eller ein felles kveldsmat der alle tek med seg eit pålegg kvar, og for å berre vere saman.

Men når vi sit åleine i stovene våre og framfor dataskjermane våre og ser på desse meiningslause bileta av krig og elende så kjenner ein seg liten og makteslaus. Ein kjenner seg ressurslaus og åleine. Ein veit ikkje kva ende ein skal byrje i, og ikkje kva veg monnane drar. Den raskaste vegen vekk frå desse ubehagelege kjenslene er å stenge att. Late som at den sanninga ein ser og høyrer ikkje går inn på ein, og finne opp egoistiske forklaringar som søker å gjere godt det faktum at det er somme som står utanfor felleskapet og ikkje får ta del i godene.

Og her kjem vi til til slutt til kjernen av dette innlegget. Om å vere saman. Saman om å redde verda. Saman om å legge saman sine kunnskapar og eigenskapar til det som er til det beste for alle, og som også inkluderar alle i fellesskapet.

Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv.

Saman er ein mindre åleine.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s