Helg

Denne helga fekk vi gjort mykje forskjellig, men ganske mykje av det vi gjorde fekk på magisk vis ein slags raud tråd av nærmat, reparasjon og vedlikehald. Og ein slags redesign. NB: Ein slags snikreklame for produkt og personar vi går gode for kan forekome.

IMG_2575IMG_2574

 
På laurdag var det Bondens marknad. Då var vi innom våre faste boder og kjøpte Stor-Henrik-pøls frå Karl (ikkje avbilda, det er Martin (og pølsa (om det er lov å seie))) på Svin på skogen, og Røykalaks frå Andreas (avbilda) som sto i bod for bestefar sin i Yggdrasil-boda. Her er vi alltid innom, for dei er kjempehyggelege å prate med og har nydeleg mat.

IMG_2576

Symaskina var ferdig reparert allereie på tysdag denne veka, men vi rakk ikkje hente den før på laurdag. Trondheim Sysenter er raske og flinke. No hadde eg også litt betre trening i kunsten å sykle med symaskin.
IMG_2579

Vi gjekk ikkje i tog på 8. mars, det var det ikkje tid til innimellom all den andre aktiviteten. Men Martin slo eit slag både for likestillinga og mot bruk og kast-samfunnet ved å sy i knappen i jakka si. Biletet er ikkje arrangert. Martin lappar nesten alltid sine eigne kle. Takk til svigermor for oppdraging.

IMG_2580

På den sjølvsame kvinnedagen slo Inga Hild og eg også eit slags slag for noko. Vi var usikre på om det var kvinnekamp eller ikkje, for vi brukte storparten av ettermiddagen på å sy lommer i Inga si stripebukse og gallakjole, men vi slo oss til ro med at dette var noko vi gjorde fordi vi ville, ikkje fordi vi måtte. I tillegg redda vi verda bittelitt ved ein slags redesign. Inga hadde med seg det som trengtest av materiale, og så byta vi litt på å sy. Eg kunne lære vekk nokre tips, og Inga betalte for leige av maskina ved å røre i laurdagsgrauten.

Sundag var det samlemesse i Trondheim Spektrum. Mykje overprisa antikvitetar. Vi fekk kjøpt nokre LP-ar og elles slått fast at antikvitetsamling nok ikkje er noko for oss…

IMG_2587

Denne LP-en med Vårsøg og SKRUK kjøpte vi for ein billeg penge på samlemessa. Den er fin å høyre på og artig å sjå på.

 
 
 
 
 
 
 
 
Eg sykla langs Nidelva for å møte Janne Kristin på Annas Kafé. Det er ein vegansk/vegetariansk kafé som legg stor vekt på å bruke økologiske ingrediensar. I tillegg har dei kaffi på vent, noko som vil seie at du kan anten betale for nokon andre sin kaffi, eller du kan få ein gratis kaffikopp fordi nokon andre har betalt for din.

IMG_2584

 
Dette vart ei deilig helg med mange hyggelege møter og gjeremål, og med det fyrste regnskyllet på lenge. Både menneske og natur vart glade.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s