Vekst

Vekst er eit positivt ord. Vi nyttar det for å skildre noko som er bra. At plantar og born veks til er av det gode. At toleransen og perspektivet veks er også det. Ordet vert nytta for å skildre at vi er på veg frå eit punkt til eit anna. Frå frø til blome, frå trongsynt til open, frå spedborn til vaksen. Når du er vaksen er du ferdig med å vekse. Du har nådd målet og vonaleg oppnådd både ditt høgaste mentale og fysiske nivå. Veksten er eit middel for å nå dette målet.

Slik er det vel med det aller meste?

Eg har nett vore på førpremiere av filmen Opprørske oldemødre. Dette er to eldre amerikanske damer som ofrar rulleblad og helse for å få svar på eit spørsmål som dei har tenkt mykje på i det siste: Treng vi stadig økonomisk vekst?

Utgangspunktet for spørsmålet er at det amerikanske næringslivet (og styresmaktene) freistar å overbevise innbyggarane sine om at den einaste måten for USA å kome seg ut av den noverande finanskrisa på er å stimulere større økonomisk vekst. Folk må handle meir. Dei vert oppfordra til å bruke meir pengar for å skape nye arbeidsplassar. Samstundes håvar dei største selskapa inn på denne veksten og gjer investeringar basert på renter som dei må få dekka inn ved stadig meir vekst. Det er ein vond spiral. Ein arkimedesskrue som går og går.

Eg har skjønt at det er ein del andre reglar som rår innan finans enn dei som gjeld elles. Ein ting er dei matematiske sidene ved det heile. Renter og rentes renter og kredit og debit og alt det dei vel å kalle det går over mi forstand.
I tillegg er tydelegvis lovene og reglane for vekst heilt annleis. Her er ikkje målet eit endeleg punkt, men ser ut til å fjerne seg lenger og lenger vekk for kvar måleeining økonomien veks. Mykje vil ha meir. Og meir. Og meir. Den økonomien som skulle vere eit middel for at alle skulle nå målet om å få dekka sine grunnleggande behov har vorte målet i seg sjølv.

Som dei seier i filmen (fritt etter):

«Eg og du er vaksne. Dersom vi held fram med å vekse no så er det anten snakk om ein kreftsvulst eller overvekt».

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s