Notatblokk

Her kjem nok ein liten «gjer det sjølv-post». Det er diverre ei god stund sidan vi har skrive noko sist, men slik vil det vel alltid vere: I det eine sekundet har ein mange gode idear til kva som kan skrivast, og i det neste er det heilt tomt.

Men sjølv om vi kanskje har hatt skrivesperre så har vi ikkje hatt handlingssperre. Sidan sist (og eigentleg alltid) har eg hatt eit stort forbruk av noteark. Notar på einsidig utskrift, fordi det er mest praktisk når ein skal spele dei. Praktisk eller ikkje så er dette med einsidige utskrifter eigentleg veldig fy og lite miljøvenleg. Det gjeld ikkje berre innan noteverda, men kvar gong du skriv ut ting. Sjølv om eg plar vere veldig flink til å ha dobbeltsidig utskrift, og vurdere kor vidt eg treng skrive ut i det heile teke, så må eg diverre bite i graset frå tid til anna.

Difor har eg kome opp med følgande løysing for dårleg miljøsamvit:

Notatblokker!

Her er ei lita oppskrift:

Du treng:
– Ark
– Saks
– Symaskin

1: Klipp arka i eiga storleik. Skal du ha handlelisteblokk eller teikneblokk?

IMG_2859

IMG_2860

2: Sy dei saman med rettframsaum på symaskina

IMG_2862

3: Sy ein saum til

IMG_2863

Dette er for å ha ein saum som perforerar arket slik at du får ein hendig rivekant

Dette er eit prosjekt som er veldig raskt gjort dersom du har symaskin. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser. Eg har planer om å lage eigne notatbøker som eg kanskje kan binde inn, eller kanskje fargeleggingsblokk til nevøar og nieser med eigne teikningar. Eller kanskje du har ein god idé?

2 thoughts on “Notatblokk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s