Kvardag

Har du sett! Vi får kalle det «throwback thursday», som det så moteriktig heiter, for best som eg var inne for å skrive innlegget om flytting så kom eg jammen over eit innlegg som eg ikkje hadde posta då det var aktuelt. Difor kjem det no! Retro, på ein måte? Dette var det eg skreiv då:

For tida handlar det meste om eksamen og flytting, og tanken på blogginnlegg vert liggande langt bak i medvitet. Men for å syne at vi ikkje ligg med knekt rygg av pensummengder eller har gått inn i tung depresjon på grunn av landbruksoppgjeret, så får de her eit lite livsteikn i form av bilete.

20140521-003709-2229026.jpg

Eit utruleg dårleg bilete, men grunnen til at det vart teke er i alle fall god. Her har vi vore med på støttemarkering for Dalai Lama i regi av MDG. Dei kvite banda tyder fred.

20140521-003834-2314284.jpg

Same dagen som støttemarkeringa så fekk eg endeleg kjøpt meg eit ordentleg palestinaskjerf. Ordentleg. Ikkje H&M. Og sjølvsagt grønt. I bakgrunnen eit orgel.

2014-05-14 19.56.16

TKS var med på konsert i høve grunnlova. Bunad er fint!

20140521-004215-2535167.jpg

Tok til på denne boka. Ik! Nesten redd for å ete noko igjen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s