Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim

So har det endeleg skjedd! Dagen vi har venta på i over eitt år har endeleg kome og gått; nemleg Den Store Flyttedagen. Her kjem ein liten bildereportasje av prosessen. Det er ei stund sidan ein del av dette, men veiret har vore så fantastisk at det ikkje har vore mogleg å sitje inne og drive med internette ting.
 
Etter å ha lagt ut spørsmål på gje vekk-gruppa i Trondheim fekk vi meir enn nok av pappøskjer til å pakke i. Aviser hadde vi spart på sidan jul slik at vi hadde noko å pakke inn servise og anna knuseleg i. Etter mykje vurdering att og fram kom vi nemleg fram til at det beste ville vere å leige flyttebyrå til å ta flyttinga, og då måtte alt vere godt polstra og pakka.

2014-05-27 20.59.59

Her har eg byrja å pakke på boda. Det straffa seg å samle på alt mogleg, for det tek tid å pakke ned. Dette er ein av dei fyrste pakkedagane. Etter kvart vart det mindre og mindre spanande å pakke.
 
2014-06-20 10.34.15

2014-06-20 10.34.33

Men etter langt om lenge og lenger enn langt vart vi ferdige, og alt sto merka og klart til flyttefolka skulle kome og bere ut i flyttebilen.

Vi har fantastisk snille vener som sa ja til å vere med og vaske ned leiligheita etter at flyttefolka var ferdige. Med Marit, Sigurd, Emely og Eirik med på vaskelaget så brukte vi berre ein dag på å vaske ned i staden for to, slik vi hadde frykta. Vi fekk til og med tid til å ete pizza etterpå.

2014-06-22 14.55.46

2014-06-22 14.55.52
 

Flyttebyrået gløymte eitt møbel, så det måtte vi ta på taket. Her et vi den obligatoriske eggeskjeva på dovrefjell.

2014-06-23 12.39.12

2014-06-23 12.28.55
 

Så var vi framme! Her hadde allereie flyttefolka vore og bore inn alt av kasser. Det meste hadde til og med havna i rett etasje. Sidan eg har ein familie som er veldig glade i å sjaue (og dessutan utruleg snille) så hadde vi god hjelp med utflyttinga, og var i grunnen i orden etter tre dagar.

2014-06-25 13.16.16

2014-06-25 13.16.24

2014-06-25 13.16.29

Og her er huset vi bur i:

2014-07-17 21.47.55

Utsikta er ei slags oppgradering sidan Klostergata. Ikkje noko vondt om Samfundet, men det er finare med fjell og fjord enn utsikta til fest og gamalt fyll.

2014-06-26 16.51.51

2014-06-27 11.18.25

2014-06-27 11.18.08

2014-06-26 22.24.09
 
Vi leiger eit hus på ein gard på Tystad på Nordstranda på Sandane. Huset er i to etasjar samt eit mørkeloft, med stove, peisestove, meir enn nok av bodplass og med nok rom til at eg og Martin kan ha kvart vårt kontor. Vi har stor matbod med god plass til alt det vi skal sylte og safte dei komande månadane. På garden bur også to generasjonar brukarar i kvart sitt eige hus. Her driv dei med epler, og for tida er det full aktivitet med innhausting og såing av salat og kål, i tillegg til blomkål og brokkoli som vi får kjøpe for spottpris. I tillegg er her ein bugnande bærhage med solbær, rips, jordbær, moreller, plomer og mykje anna godt som vi får lov til å forsyne oss av. Det høyrest ut som ein draum, og det er det eigentleg også. Trur du det ikkje før du får sjå det? Du er hjarteleg velkomen på besøk for å sjå det med eigne auge!

One thought on “Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s