Alle gode ting er tre

Alle gode ting er tre, og etter tre fine men også vanskelege år er det endeleg vår tur til å gå frå to til tre. Om alt går som det skal vert vi nemleg foreldre i slutten av januar!

Då vi gifta oss for tre år sidan såg vi føre oss å utvide familien om ikkje så lenge, men resultata laut vente på seg. Den tradisjonelle metoden leidde ikkje til noko (skuffande for oss som er glade i det tradisjonelle), og vi vart etter kvar innrullert under fertilitetsseksjonen på St. Olavs der vi fekk hjelp med In Vitro fertilisering (IVF); altså prøverør.

No ser det heldigvis ut som at den vanskelege tida med prøving og feiling og skuffelsar er over for oss for denne gong, og vi prøvar å sjå på det som nettopp eit tilbakelagt kapittel som har leidd fram til noko fantastisk spanande. Vi kunne lete det heile kvile der, og for vår eigen del overskuggar gleda alle utfordringane undervegs, men etter å ha vore gjennom ein slik prosess sjølve har vi sett trongen av å snakke litt meir om det som ikkje vert snakka om, som somme gongar har vorte opplevd på grensa til tabu, og som til tider har vore ein veldig tung hemmelegheit å bere på. Så her får de eit resymmé av gongen i det heile, slik at de kan lese om korleis det var for oss, og korleis prosessen er, dersom de er interesserte.

Det heile starta med at vi etter kvart skjønte at noko ikkje var som det skulle. Medan «alle andre» (alle andre er eit farleg omgrep, sidan vi ikkje veit noko om kva vanskar andre par måtte ha med dette) fekk både eitt og to born på gamlemåten måtte vi gong på gong innsjå nederlaget. I starten var det veldig skuffande, etter kvart vart det ein vane. Tida gjekk, og vi fekk mange spørsmål om ikkje vi hadde tenkt å få born snart. Vi flira det vekk i staden for å snakke om det. Eg drakk ikkje alkohol sidan vi aldri visste om denne gongen skulle verte Gongen Då Det Klaffa. «Er du gravid eller?» Nei. Kvifor spør du ei kvinne som ikkje drikk alkohol om det? Dersom ho er det og ikkje har sagt noko så er det sannsynlegvis fordi ho ikkje ynskjer å seie det til deg. Ikkje enno eller ikkje i det heile teke. Eller så er det ein annan grunn som du ikkje veit noko om og som du heller ikkje har krav på å vite om. Og ein fest er sannsynlegvis ikkje staden for å diskutere grunnen til kvifor ho ikkje drikk eller ikkje har born uansett.

Det er slik at dersom ein ikkje lukkast i å verte gravid etter eit år med prøving så skal ein ta kontakt med fastlegen og få seg undersøkt. Dette gjeld både han og ho, sidan dette jo er ei tosidig greie (korleis forplanting vanlegvis går føre seg reknar eg med de veit, så eg går ikkje nærar inn på det…). Frå fastlegen vart vi vi synt vidare til fertilitetsseksjonen ved St. Olavs, der undersøkingane synte at eg hadde Polycystisk ovariesyndrom (PCOS), og Martin hadde noko nedsatt kvalitet på sine varer (han understrekar sjølv at kvaliteten slett ikkje var så verst). PCOS er ein sjukdom der veskefylte cyster i eggstokkane forstyrrar hormonbalansen og i sin tur produksjonen av egg, noko som mellom anna kan leie til problem med å verte gravid. Dette er ein sjukdom/tilstand som rammar 10% av alle kvinner, og talet aukar stadig. Dette er noko av grunnen til at vi også tykkjer det er viktig å snakke om dette, sidan det altså er ei av ti kvinner som har PCOS, og så mange som 3 av 10 par har problem med å verte gravide. Dette visste du kanskje ikkje noko om? Ikkje vi heller, før vi var der sjølve.

I alle fall: Sjølv om M&M er ein perfekt spleis på så mange andre måtar så var vi altså i heilt andre enden av skalaen kva fruktbarheit gjalt. Difor fekk vi raskt tilbod om den mest omfattande forma for kunstig befruktning (ICSI). Her tek ein ei sædcelle frå mannen og fører ho direkte inn i eggcella med eigna reiskap. Dette skjer på laboratoriet og er altså totalt uromantisk men forferdeleg fascinerande! Deretter vert det befrukta egget ført inn i livmora, og så er det berre å krysse fingrar og bein og vente på Den Store Testdagen to veker etter.

Men å kome til scenarioet som er skildra over tek lang tid. Ein vert utruleg god til å vente når ein står i kø for prøverør. Og sidan så mange som 3 av 10 par treng hjelp til befruktning, så skjønar de at det fort kan verte laaaaang kø. Og så må det heile klaffe med kvinna sine syklusar og feriar og jul og påske og etter kvart føles det som at alle planetane må stå på rekke før det skal verte noko av dette Soria Moria langt der framme i horisonten. For oss tok det nesten eitt år etter diagnostisering før vi kom i gong med sjølve forsøket.

Eg har heldigvis ikkje sprøyteskrekk. Det var bra, for innleiinga til all denne triksinga i laboratoriet er at kvinna må modne ein del egg som deretter kan hentast ut for befrukting. Dette vil seie at ein i to veker (ved kort stimuleringsprotokoll) må setje hormonsprøyter i magen. Desse modnar fleire egg i eggstokkane (det vanlege er at eitt egg vert modna i kvar syklus). For at ikkje alle desse egga skal løsne på same tid, tilfeldigvis verte befrukta, og skape heilt Jon and Kate + 8-tilstandar må ein også etter kvart ta sprøyter som hindrar egga i å løsne.  På dette tidspunktet føler ein seg veldig som ei slags høne.

Vi gjekk gjennom dette fyrste gongen i august 2013. Sidan kvinner med PCOS lett kan verte overstimulert av hormona, og eggstokkane dermed kan verte øydelagde (IK!) tok dei det ganske lett med modningshormonet. Dette resulterte i at to egg vart modne til innhausting. Korleis det går føre seg skal eg ikkje gå i detalj om, men det inneber ei betydeleg mengde smertestillande og lange nåler med sugefunksjon på stader der du ikkje vil ha det. Same dag som ein hentar ut egg må mannen levere sæd. Denne vert plassert i ei væske, og dei beste sædcellene sym til toppen, slik at laboratorieteknikaren kan velge ut dei aller beste til befruktning. Denne/desse vert altså sett inn i det/dei beste egga, og så må ein vente. Igjen. I tre dagar, til ein får sett inn att egget att. Dersom forsøket ikkje har vorte vellukka vert ein ringt opp på morgonen for innsetjing. Å håpe på at telefonen ikkje vil ringe den dagen er ei slags form for tortur… Dei egga som ikkje vert sett inn vert frosne ned for seinare forsøk(!). Vi fekk altså ut to egg, men berre eitt av dei delte seg på rette måten etter befruktning slik at det kunne setjast inn att. Når de legg saman månadane sidan det forsøket skjønar de at det ikkje vart nokon graviditet etter forsøket i august. Av alle skuffelsane var dette den desidert største. Ikkje berre tydde det at vi ikkje kom til å verte foreldre om ni månader slik vi hadde tenkt, men i tillegg visste vi at vi var nøydde til å stille oss i kø nok ein gong. Og vente nok ein gong. Og gå gjennom fleire veker med sprøyter nok ein gong. Og det som skulle verte i desember vart etter kvart januar og februar, med både jul og vinterferie som stakk kjeppar i hjula.

2014-02-10 10.50.22 2014-02-10 11.58.15

Til venstre ser de ultralydbilete av ein drueklaseeggstokk. Til høgre eigaren av denne.

Forsøk nummer to kom altså ikkje i gong før i mars. Sprøyter vart sett, og dosen med hormon vart justert opp eit lite hakk i håp om å få ut litt meir enn to små egg. Resultata var overveldande. 27 egg vart modne. Kvart av desse egga ligg i ein pose (folikkel) som er på storleik med ei drue. Så om du no ser føre deg eggstokkane som to drueklasar er det altså akkurat rett. Og dersom du lurer på om det eigentleg er plass til to drueklasar i eggstokkane, så er svaret definitivt nei. Dei seier at ein kan kjenne seg litt oppblåst når ein er gravid. Tull og tøys. Det er som å samanlikne ein gjennomsnittleg tivoliballong med Hindenburg-zeppelineren. Desse 27 egga vart i alle fall etter kvart henta ut og sendt til befruktning slik som førre gong. Av 27 modne egg var 17 gode nok til å verte befrukta. Av desse 17 egga var det 10 egg som delte seg på rett måte og som kunne gå vidare i frys. Alle har eit syskjenborn på Gjøvik, men vi har 9 embryo liggande i ein frysar på St. Olavs…

9 embryo ligg att fordi eitt av dei altså vart satt attende. Sidan 27 egg er godt over snittet og eg var på grensa til å verte overstimulert måtte vi vente ein månad før vi fekk sett inn egget. I tillegg var det påskeferie, så ein månad vart til to og vel så det. Men den 5. mai sto altså planetane på rekke, og vi fekk følge med på ultralydmonitoren medan legen sette attende gullegget.

2014-05-18 07.45.31 2014-05-18 11.38.40

Til venstre: HURRA! Til høgre: HURRA!

Slik er det altså med prøverør. Og slik har vi hatt det. Vi sa ingenting til familiane våre det fyrste forsøket, i håp om at vi kunne kome med den gode nyhenda ganske fort, og sidan forklare korleis vi hadde kome dit. Etter at det ikkje gjekk skjøna vi at vi trong eit større støtteapparat og ein heiagjeng til andre forsøket. Det var mykje betre å vere open om kva som gjekk føre seg, kva vi gjekk kring og tenkte på og korleis vi eigentleg hadde det. Og til alle dykk som lurte og spurte på om vi ikkje berre skulle setje i gong snart: Vi vart ikkje sinte for at de spurte, vi burde nok eigentleg ha vore opnare undervegs og delt litt meir, men det kan også vere lurt å tenkje litt på korleis ein tek opp slike ting. Det kan ofte vere veldig vanskeleg å ikkje få til ting, og når det er noko ein ynskjer seg så veldig er det ikkje alltid like lett å snakke om det i alle situasjonar. Håpar vi har gjort opp for dette no, og at dei av dykk som les dette som også slit med å verte gravide medan alle andre struttar med store magar eller barnevogner kan kjenne at det slett ikkje er så uvanleg å slite med å verte gravid. Faktisk er det sjokkerande vanleg.

 

28 thoughts on “Alle gode ting er tre

      • Rart, men utrolig takknemlig for at vi lever i 2014 slik at man faktisk kan få hjelp.

        Gratulerer så masse! Spennende tid i vente. Og, foreldrerollen faller nok helt naturlig på dere fordi dere har hatt så god tid til å forberede dere mentalt. Alle scenarioer på godt og vondt er allerede tenkt gjennom! Nå er det bare oppløpssida igjen. Håper du får et fint svangerskap 🙂

        Ps: overstimulering og på nippet til vridde eggstokker er ikke godt!

  1. Gratulerer så mye! Jeg kjenner dere ikke, men jeg kjenner gleden deres. Med PCOS og to IVF-mirakler (en fersk og en frys) vet jeg hvor stort det er. Lykke til på veien videre, snart er den lange ventetiden bare en liten parentes i historien.

    • Tusen tusen takk! Det betyr faktisk mykje at dette innlegget kjem ut i verda til dei vi ikkje kjenner også! Kanskje vi får letta litt på sløret på den måten:)

  2. For en god nyhet! Og så utrolig bra at dere skriver om dette! Vi har ikke hatt det samme problem, men vi mistet vår nr to i uke 13. Og etter det tok det laaang tid (syntes vi) før vi fikk det til igjen. Vi har vært veldig åpne om at vi mistet når noen har spurt om vi ikke snart skulle ha flere. Og etterhvert som vi har fortalt at vi mistet har det dukket opp utrolig mange rundt oss som har opplevd det samme, men som aldri har snakket om det.

    Det å miste et foster/barn er det veldig mange som ikke klarer å snakke åpent om, for det var jo veldig trist. Og når en da i tillegg til å være lei seg for det en har mistet, og for at ting ikke skjer igjen så fort som en gjerne vil (eller i det hele tatt for noen), så skal en altså i tillegg måtte svare alle andre som lurer. Jeg er derfor veldig enig i at folk må tenke seg litt om før de buser ut med spørsmål om dette, for det kan være så mange grunner, og det kan være så innmari sårt fra før om en ikke skal måtte forklare det til gud og hvermann i tillegg.

    Nå er vi heldigvis i uke 35 med nr to, så vi slapp den lange vegen som dere har måttet gå, men jeg heier på dere for at dere skriver om dette på bloggen! For hvorfor skal noe som er så vanlig være så tabu??

    Lykke til i månedene som kommer! Og tusen takk for ny lærdom om et tema jeg tydeligvis visste alt for lite om…

    • Tusen takk og gratulerar så mykje med dykkar vesle under! Vi opplever også det at når vi no snakkar om det så melder både den eine og den andre seg som har vore gjennom det same. Og det er jo tullete at ein ikkje tør snakke om det. Men det er kjempebra at de har vore opne om dykkar prosess og problem, sidan SA er så veldig vanleg! Masse lukke til i dei komande vekene! Store klemmar frå oss!

  3. Gratulerer og tusen takk for godt innlegg. Hilsen bekymret pcos» er som ikke har begynt å forsøke enda.

    • Masse lukke til! Det er heldigvis ingen garanti for at PCOS=bornlaus! Eg veit om mange som har fått både eitt og to born på vanleg vis som har PCOS. Når det er sagt er det ein sjanse. Men som du ser så er ikkje håpet ute uansett!

  4. Hurra! Gratulerer! Utrolig tøft at dere er så åpne rundt det hele! Det trengs virkelig! Det er så godt å vite at sånt ikke må holdes skjult. Her gleder vi oss med store smil og glade tanker (og vafler i hagen) og håper på det aller aller beste! M&M ER en åsåm kombinasjon og vi gleder oss til å se fortsettelsen!

  5. Takk for et godt skrevet resymé! Og ikke minst; GRATULERER!!! Det er så mange jenter/kvinner med PCOS der ute, at slike historier må ut og frem. Jeg kjenner dere ikke, men deler gjerne historien og håper at vår egen får en like lykkelig slutt 🙂

  6. 💕👪🎂😂👌
    Det er så koselig og flott at dere skal bli foreldre! Hurra for det, og for et godt skrevet og modig innlegg.

  7. Hei, kjempeflott å høre! Og ikke minst en beskrivelse som minner veldig om våre egne erfaringer. Til tross for at vi mener vi passer ekstremt godt sammen, var det altså noe biologi som ikke var enig. For mitt eget tilfelle var det et stort antall svømmere, bare litt bedagelig anlagt (noe jeg kanskje kjenner meg igjen i…)

    Vi var nok noe mer negativt innstilt til og frustrert av alle spørsmålene vi fikk, og syns vel til tider folk brød seg mye om det som føltes som vårt privatliv. Men graviditet og barn er visst ikke privat, men et offentlig anliggende… (*)

    Vi fikk også god hjelp fra St. Olavs, og den lykkelige meldingen i mai i fjor var fantastisk. Tilfeldighetene ville at vi trengte ekspertisen til St. Olavs ved fødsel også, og synes hjelpen der er fantastisk. Hvilket har ført til at jeg har tenkt å bestille denne bodyen: Made with science

    Ha en fantastisk tid fremover!

    (*) og vær advart om at denne offentlige eide graviditeten kan medføre at vilt fremmede kommer til deg på bussen og kjenner på magen, uten å spørre først…

    • Tusen takk for gode ønsker! Jeg husker det gjorde godt da du fortalte om god hjelp fra St. Olav for en tid tilbake. Det er fint å få høre andres historier – i hvert fall når de har en god slutt!

      Det er nok mye ubetenksomhet blant alle nysgjerrige spørsmålstillere. Men det er jo ingen nyhet vi har mer lyst til å dele enn at vi skal bli foreldre, så om noen ikke forteller det er det antagelig ett av to: De skal ikke bli det, eller de vil ikke fortelle det til deg ennå. I begge tilfellene er det dumt å spørre og grave. Og ekstra ille er det for damene som gjerne må svare for manglende alkoholkonsum i tide og utide. Dét er jo dessuten ting man burde slippe å stilles til veggs for uavhengig av graviditet.

      Lykke til videre med familielivet!

  8. Takk for at du/dere skriver om dette. Jeg og mannen min har på ganske så kort tid vært gjennm 5 prøverørsforsøk selv i en alder av 27 og 29 år. Vi bor også i Trondheim men valgte privat 1.forsøket og de 4 andre ble gjennomført i Danmark med linke mange reiser nedover og mange nedturer. Hos oss også var det en dårlig miks av mitt og hans, men på det siste forsøket skjedde det utrolige og det vi hadde gitt opp håpet om. Søknad til adopsjon var allerede sendt inn. 1. mai (veldig nære din dato) ble det ett egg befruktet og mot alle odds ble dette gullegget.Vi er i dag 14 uker+5 på vei og er overlykkelig over å få bli foreldre. .
    Ønsker dere alt vel videre, og kanskje vi treffes på føden 😉

    • Hurra og gratulerar! Turen mot dei to strekane kan verke så uendeleg lang, og for dykk har den vore enno lengre enn vår. Vi er veldig glade for at vi slapp med berre to forsøk. Masse lukke til i månadane framover!

  9. Flott og modig delt. Dette bør snakkes om. Vi var heldige og slapp unna med laveste dose hormoner, ei eggløsningsssprøyte og naturmetoden. Så eg kjenner berre ein liten del av det dykk har vore gjennom, men har likevel vært opptatt av å være ærlig om at det var slik. Lykke til med alt som kjem!

  10. Takk for at dere deler, vi (altså jeg og min mann) er akkurat begynt med utredningen for hva som er galt. Vi har prøvd 3 år (burde ha oppsøkt hjelp før) fordi vi hele tiden tenkte at «neste gang klaffer det». men det har det jo ikke gjort. Og som dere sier «alle» får en og to barn og sier på tull – «skal vi lære dere hvordan det gjøres?» Ja, man er litt hårsår i begynnelsen, men jeg håper moderne medisin også kan hjelpe oss i fremtiden 🙂 Gratulerer og lykke til!

  11. Hurra !!! 😀 Gratulere så masse med spiren i magen 😀

    Eg veit så alt for godt korleis det er å være ufrivillig barnløs! Eg har også pcos, vart diagnosert i 2011.. Vi har prøvd å bli gravid i over 4 år! Så vart vi endelig gravid (tidligare i år), lykken over å sjå den positive testen kan ikkje beskrives!! ❤ Men bare ei veke etter at vi fant ut eg var gravid, så vart eg sendt med ambulanse i all hast! Spiren hadde festet seg i eggledaren, å den sprakk! Eg var minutter frå å blø ihjel, hadde blødd 4 liter blod ut i bukhola!! Eg hadde englevakt !! ❤

    Eg er uendelig takknemmelig for å være i live, men for å redde livet mitt måtte dei fjerne spiren og eggledaren! Vi mistet det vi trudde og håpte skulle bli vårt så alt for etterlengtet mirakel barn ! ❤

    Det er vondt når folk spør gang etter gang om ikkje ein har planer om barn endå, men det var litt vår egen feil også – var ikkje så opne om problema vi hadde med å bli gravid..

    Føles som alle rundt meg blir gravid, men vi ? Nei.. Det tærer grusomt på, det er låkt og føles ofte veldig urettferdig – fælt å sei det men.. Men er såklart glad på deira vegne ! 🙂

    Og at dere endelig skal få oppleve å bli foreldre, det unna eg dere ! Kjenner deg ikkje, men som sagt så veit eg kor uendelig låkt det er å slite så mykje !

    Masse lykke til med alt 🙂

    • Tusen takk for det! Får håpe at de får fleire sjansar til å verte foreldre! Eg kjenner meg godt att i det at det ofte kjendest urettferdig når andre vart gravide. Eg fekk ofte dårleg samvit fordi eg kjende både eitt og to stikk av misunnelse då eg fekk høyre om andre sin graviditet. Og når det er nære vener så er desse kjenslene ekstra ekle, for ein vil jo venene sine alt godt!

  12. Gratulerer, da blir det vel innlegg om sying av tøybleier snart også da kanskje? 😉
    Har selv 4barn, og når jeg ser på bloggen deres ser jeg at vi kunne vært «litt» mer miljøvennlige her i huset..men det var brød av mesk jeg skulle se etter her inne, håper å få begynt å brygga litt øl til mannen i huset og få brukt opp noe av mesket i brødbaking 😉

  13. Ja! Vi har kjempelyst til å prøve tøybleier! Vi skal prøve å ikkje gjere bloggen om til ein babyblogg, men har eit håp om at vi klarer å skrive om dei utfordringane som det å få born heilt sikkert kan vere for ein grøn livsstil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s