Som syltetida på kjeringa

Det skjedde i år. Syltetida sneik seg inn på oss og var omlag over før vi ein gong rakk å finne fram bærplukkaren og saftkokaren. Bringebæra var rotna på stilk og blåbæra for lengst skrumpa inn då vi var klare til å plukke, sylte og safte.

I år har somaren vore fantastisk. På fleire måtar. For det fyrste har det vore heitt og godt heile somaren, og knapt ein regndrope å sjå. I tillegg har vi jo som nemnt flytta frå Trondheim til Sandane. Dermed har heile bærhausten vorte forskjøve i seg sjølv, i tillegg til at vi altså har flytta omlag to veker sørover. Det vil seie at den etter kvart innarbeidde rutina med å bruke immatrikuleringsveka til å plukke bær og anna ikkje fungerar her. Men vi har heldigvis klart å redde stumpane og etter kvart klart å fylle i alle fall nokre glas.

Noko av det eg er aller mest nøgd med at eg fekk gjort før det var for seint er å sanke hasselnøtter. I trøndelag er det diverre ikkje hasseltre i uoverskodeleg monn, men her på Sandane er eitt kvar enn du snur deg. Dermed hadde eg god utsikt til eit par flotte hasseltre på veg til og frå jobb, som eg dermed kunne sjekke på dagleg. Det treng ein ikkje gjere, men eg var livande redd for å la sjansen gå frå meg. Hasselnøtter skal nemleg plukkast når dei tek til å verte litt brune og «slepper hamsen» som det heiter dersom du søker det opp på nettet. Det vil ikkje (NB) seie at du skal vente med å plukke til dei er så lause at dei dett av berre du ser på dei. Sannsynet for at dei då allereie har dette ned når du kjem for å sjå på dei (og plukke dei) er stor. Ein skal heller plukke dei når dei er så modne at det ikkje lenger er vanskeleg å skilje dei frå hamsen.

 

2014-09-01 11.44.32Tre nøtter til askepott?

2014-09-01 12.56.00

Ferdig reinsa. Dei var grøne då eg plukka dei. Etter berre ein time er dei allereie på veg mot nøttebrun. Snedig.

2014-09-01 20.13.34

Den beste måten å oppbevare mat som skal ha jamn tilførsel av luft er i ei nylonstrømpe. Dette gjeld ikkje berre nøtter, men også lauk og kvitlauk. Dette fine knyttet vart hengt mørkt og tørt på ein knagg i taket i matboda.

 

Noko anna nytt som vi fekk prøvd var hermetisering av heil frukt, i vårt tilfelle plomer. Vi hadde fått inspirasjon og instruksar frå Else som vi leiger hos, og i tillegg fann vi oppskrift i kokeboka:
2014-09-11 21.16.18

Ja, vi hadde forresten fått plomer frå trea til Else (og Magne) også.

2014-09-11 21.13.22
Sukkerlaken vart kokt opp kvelden i forvegen slik at den kunne kjøle seg av. Det er skremande kor mykje sukker det er snakk om. Her er det to og ein halv kilo sukker på tre og ein halv liter vatn.

2014-09-11 21.16.09

Det ferdige resultatet. Biletet er ikkje det vakraste, men de skjønar teikninga. Det er litt rart at plomene trekk seg saman slik, men då får vi masse deilig sukkerlake saman med plomene når vi skal ete dei til dessert med fløyte på gjennom vinteren! Mottoet for hausten er altså lite med godt. Neste år er vi førebudde!

2014-09-12 17.05.29

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s