Kjøkenhagen

I fjor haust grov vi opp eit område i hagen som vi hadde fått lov til å bruke til det formålet. Gjennom vinteren og våren synte det seg diverre at det arbeidet utleigaren vår gjorde med å lage ein fin mur nederst i hagen også fekk konsekvensar for kjøkenhagen. Det førte til at vi fekk ein flott hage, men at kjøkenhagen måtte ofrast på hageplanlegginga sitt alter. Vi hadde heldigvis ikkje rukke å gjere noko anna enn å setje kvitlauk. Antakelegvis kjem vi til å finne litt kvitlauk her og der i hagen framover.

Men no! No har vi fått eit nytt stykke plen å gå amok på. Denne gongen rett bak kjøkenet og utanfor kjøkeninngongen. Det gjev faktisk meining å kalle det kjøkenhage. Vi kan sitje ved frukostbordet og sjå kor det gror. Idyllalarm! Eigentleg vert dette mykje betre, sidan det er både meir solvendt, lunare og betre jord her. Dei siste dagane har det vore strålande sol her, og eg har nytta Johan Kornelius sine små lurar til å spa og vende. Kven treng vel treningssenter når ein har ein spade og eit greip? 

Her er eg i ferd med å lage eit rutenett i plenen.    

Etter mykje feiling og merkeleg teknikk med grepet fekk eg etter kvart inn ei rutine som funka.   

  

Ferdig!!! Legg merke til tights og kofte-stilen. Lovar deg at det er ein vinnar i motebiletet 2015. 

   

I morgon kjem Børre (utleigar) og fresar over stykket med traktor. Han har forresten sett 15 000 salatplantar i dag på den same tida som eg brukte på dette… Men han har vore bonde litt lenger, då.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s