Ost

Eigentleg har eg mest lyst til å lage brunost. Stå krokbøygd over ei jarngryte i ei grue og røre i fleire døgn. Men i morgon er det 17. mai, og vi har inga grue, så vi får nøye oss med den lettlaga varianten kryddersmøreost. 

Dette treng du: 

Lag yoghurt av å varme to liter mjølk til 38 grader, og tilset deretter to dl yoghurt naturell. La stå over natta. Neste dag har du ei geléaktig masse som ser slik ut:  

 

Kok eit klede slik at det er sterilt og legg det over ein bolle:

 
Haust urter frå din nyleg anlagte urtehage og hakk det:

 
Fyll urter, yoghurt og litt salt i kledet: 

  

Og heng det opp så det får renne av seg: 

 
Slik skal det henge i eit døgn, eller til osten er halvparten så stor. Du kan knekke litt på kledet av og til. Når det er ferdighengt lagar du ei saltlake med 50-60g salt pr liter vatn og vask utsida av kledet fyrst i rennende vatn, og deretter i saltlaka. La kledet ligge i saltlaka eit døgn i kjøleskap. Kven bryr seg om ostetoll når ein kan lage sjølv?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s