Birøkt

Her kjem eit blogginnlegg om kva du gjev til ein mann som har alt, om sjølvforsyning og om korleis eg fekk mitt fyrste kvepsestikk. Vi har vore på birøktekurs!

Vi høyrer stadig om korleis biene og humlene våre står i fare for å verte utrydda, om Collective Colony Disorder (CCD) der bier forlet kubene for å forsvinne sporlaust midt i sesongen, og om korleis plantevernmiddel tek livet av insekt plantane treng for å verte bestøva. Nesten all frukt, alle bær og alle blomar er avhengige av å få hjelp med pollineringa for å vekse. Nokon fortalde meg at dersom ein fjernar alle insekt så vil menneskeslekta døy ut i løpet av fire dagar! I tillegg er bier så utruleg fascinerande. Tenk for ei evne til samarbeid og kollektiv arbeidsinnsats for å nå eit høgare mål! Og tenk litt på at alt du treng for å verte sjølvforsynt med honning er nokre kuber med bier, eit birøkteslør og emna til å halde seg roleg inne i sløret.

Både Martin og eg har lenge tenkt på alt dette. I tillegg har vi vorte kjempeinspirert av Hanne og Lars som byrja med bier i fjor. Difor kjende eg meg i år ekstra snill og lur då eg i løyndom melde oss på birøktekurs for nybyrjarar i regi av Noregs birøktelag, som ei fødselsdagsgåve på forskôt til mannen som har alt (no også inkludert ei ekstra snill og lur kone).

2015-06-21 15.33.19

 

Vi brukte søndagen på Innvik Fruktlager. Her hadde dei ikkje hatt store leveransane om det ikkje var for biene!

Innvik fruktlager

 

Birøkt har hittil stort sett vore ei greie for menn over 60, der gjennomsnittsalderen har stige litt for kvart år. Difor var det veldig kjekt å sjå at det var så mange unge kvinner og menn og også familiar som var med på kurset. I tillegg til vår gruppe med omlag 15 deltakarar var det eit eige kurs om dronningavl for dei som allereie var erfarne birøktarar. Det er kjempeviktig at ein får flinke dronningavlarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, for dette er dei to einaste fylkene i Europa som ikkje er angripne av varroamidd; ein parasitt som legg egg inne i bieyngelen og er ordentleg plagsomme for biene. Dermed er det betre jo fleire som avlar fram gode dronninger i eige fylke.

Vi i nybyrjargruppa fekk sitje ute og nyte ein av dei fyrste ordentlege somardagane i Nordfjord. Her kan de sjå Marco Neven frå Sogn og Fjordane birøktelag teikne og forklare kva som skjer når biene svermar.

Møte

2015-06-21 13.10.18

 

Litt tørrtrening på opning av bikuber og kva alle delane på den heiter og brukast til før vi reiste til ein biegård i Innvik for å få røkte litt.

2015-06-21 14.01.47

Kledd for anledninga

2015-06-21 14.43.19

Femten birøktarar på villstrå sette Innvik på hovudet

2015-06-21 14.47.01

Gladspent før vi skal få opne kubene!

2015-06-21 15.11.25

Traff ein kyrkjekollega på jakt etter ei biinntekt…

2015-06-21 15.08.47

Marco har handtert bier før, så dette med slør og hanskar eller å late att dressen tok han ikkje så tungt.

2015-06-21 14.55.34

Flammekastar er trikset for å tenne på røykpustaren.

Det var så spanande! Eg har heile livet måtte jobbe hardt for å late som ovanfor syskena mine at eg ikkje tykkjer det er litt ekkelt når stikkedyr (fellesnemning på stripete stikkete dyr som humle, kveps eller bie) kjem veldig nær. Og no kom eit tusentals bier veldig nær! Eller; vi kom veldig nær innpå dei. For biene var overraskande rolege og opptekne med sitt. Dei pollinerte og mata yngel og lot oss lyfte på plate etter plate for å sjå om vi fann dronninga. Vi vart gjeve innføring i korleis ein ser om ei kube er sunn og i balanse kva gjeld populasjon, slik at den ikkje står i fare for å sverme, og vi fekk sjå på veldig nært hold korleis biene jobbar for å mate yngelen sin og fore dronninga si.

2015-06-21 15.11.43

Dei lukka felta er larvar som har forpuppa seg. Her ligg dei i tre dagar før dei kjem ut som ferdige bier. Om ein heldt tavla mot lyset kunne ein sjå bielarvar på eit tidlegare stadium i dei opne felta i midten.

Vi bytta på å sjå på kubene og å passe Johan Kornelius på ansvarleg avstand. Og best som det var: Medan eg vasa rundt utan slør på kom det ein kveps (!) og stakk meg i panna. Det var meir latterleg og absurd enn vondt. Eg har aldri fått eit stikk av stikkedyr før i mitt liv, og var litt usikker på om eg var dødsallergisk. Det synte seg heldigvis at eg ikkje var det. Flaks.

2015-06-21 15.30.56-1

Diverre hadde dei ikkje røkteslør i storleik 1/2 år. Men Johan Kornelius ser ut som han kosa seg trass i at han ikkje fekk sjå på bier.

Det var eit veldig godt kurs, og vi kjenner oss litt meir budd til å vurdere å skaffe oss kuber om ikkje så alt for lenge. Då håpar vi å kunne lære litt meir av Hanne og Lars, i tillegg til at ein får ein eigen fadder i birøktelaget når ein byrjar med eigne bier.

Røkteslør er jo så hot at det kjem vi nok til å skaffe oss uansett. I tillegg kan det vere kjekt å ha. Ein veit jo tydelegvis aldri når det skulle kome ein kveps og nytte høvet…

2015-06-21 15.24.35

Så glad vert mannar som får lure gåver hjå sine koner. Eg spår at røkteslør kjem til å vere framme i motebiletet i 2015.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s