Oppdatering

No har det vore eit par rolege månader. I følge kalendaren skulle det ha vore somar og kanskje litt sol, men den har vi nesten ikkje sett. Vi har brukt ullunderty og tjukkesokkar og støvlar. Shorts har eg brukt ein gong. Men trass i elendig somarveir har det tydelegvis ikkje vore eit så aller verst vekseveir! No reknar eg med at alle våre følgjarar har bite negler i spaning over korleis det går med grønsakene i frosten, så difor kjem det her ei bileteoppdatering så de kan sjå med sjølvsyn at det er mogleg å knekke ut litt vekster under dei fleste tilhøve.

   

Oreganoen står på andre året, og har fått blomar. Kanskje får vi nokre frø slik at vi kan hauste dei og så eigne plantar til neste år?

Ruccolaen hadde tydelegvis alt for dårleg jord, så den gjekk rett i stokk utan å vere innom eit brukbart stadium. Men vonleg får vi hausta frø. 

Dette er spinaten. Han skaut fart så raskt at vi ikkje heilt har skjøna korleis vi skal bruke den enno. Men i morgon skal eg lage pai med spinat i.  

 

Grønkålen har stått slik ei stund, og vi har allereie fått brukt ein god del. Det kjekke med både spinat og grønkål er at ein kan hauste rett frå planten.
 

Her ser de små rosenkålar ta form i overgongen mellom blad og stilk. Kål trivst tydelegvis godt under elendige forhold, og rosenkålen kan haustast heile vinteren. 

 

Sukkerertene er lave men har masse erter! Så vi må knaske og woke og lage salat til den store gullmedalje.
   
Hestebønnene er også i farta. Vi hadde teke høgde for at dei skulle skyte som bønnestenglar, men det er tydeleg at Jack og bønnestengelen anten berre er eit eventyr eller gjekk føre seg i varmare strók.

 

Lauken gjer slik laukar plar. Vi er spente på om det er like mykje som skjer under jorda som oppå.
  

Om du zoomar inn og myser kan du kanskje sjå at det kjem to små gule squashar! Det er kanskje jomfrusquashar, for ingen av oss har sett at det har vore blomster…

  

Tomatane held til i minidrivhuset og set stadig nye blomar og knekker fram tomater.

Nok ein jomfrusquash…

Frø frå blomkarsen. Vi har hausta ein del blomar og hatt i salat. Det er nydeleg


Vi har enno ei lita stund på oss til å kome på kva ein kan bruke enorme mengder purre på. Julegåver?

Oversiktsbilete. Til høgre for rosenkålen med dei store runde blada ser ein så vidt nokre sellerirøter.

 

Plukksalat på verandaen. Denne jobbar vi også hardt for å få brukt opp. 

Potetene våre har det forresten også bra, men dei står i ein åker lenger vekke frå huset, så eg måtte ha hatt på så mykje regnkle og ull for å gå og ta bilete av dei.

Til neste sesong skal vi ha litt mindre av alt. Og kanskje heller meir av slikt det går mykje av. Som gulrøtter og kålrabi. Kom gjerne med tips!

4 thoughts on “Oppdatering

  1. Purreløkbruk: Purreløkspai. Litt arbeidsomt, men kjempegodt!!! Finner sikkert en brukbar oppskrift eller tre på nettet. Lykke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s