Tørrsjampo

IMG_6050
 
Dagane fram mot jul har ein tendens til å fyllest til randen av obligatorisk og ikkje-obligatorisk førjulskos. Juleverkstad, baking, brygging, tre skulegudstenester på ein dag. Slike ting. Av og til går det så fort at ein gjerne utset gjeremål ein kanskje burde ha gjort i dag i staden for i morgon. Hårvask kan ofte verte eit slikt gjeremål. Då gjeld det å ha eit triks i ermet, eller i alle fall dei rette ingrediensane i kjøkenskapet. Du treng nemleg ikkje legge pengar eller klimasamvit i dyre kjemiske tørrsjampoar:

Algoritme for hår som burde ha sett litt reinare ut

(ikkje la deg lure, du burde framleis ha vaska håret).

1.Bland potetmjøl eller maizena saman med natron i forhaldet 4:1

IMG_6070

2.Bruk sminkekosten eller anna eigna reiskap og påfør i hårrøtene

IMG_6074
3. Rufs i håret i eit forsøk på å skjule juksinga

Har du mørkt hår kan du tilsetje litt kakao i miksen.

Du grøne glitrande adventstid, goddag!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s