Surpack

IMG_6054

Kven fann eigentleg på at noko så irriterande som Gladpack skulle få det namnet? Eg har aldri opplevd å vere glad og pakke inn med Gladpack samstundes. I min familie kallar vi det surpack, for anten så festar plasten seg berre i seg sjølv, han festar seg ikkje i nokon ting, eller så skrapar du deg til blods på den elendige metallraspa på kanten av pakken.

Når ein snakkar om at den gjennomsnittlege innbyggar skal gjennomføre klima- og miljøtiltak så er det ofte innskrenkingar, straff eller skattlegging av uønska åtferd som er mest effektivt. Folk færrast er interessert i å kutte ned på eige forbruk eller å ta klimahensyn for klimaet sin eigen del, men må altså gjetast inn i ein meir miljøvenleg livsstil ved å gjere bakdelane mykje større enn fordelane. Litt som då eg slutta å bruke Gladpack.

For det var smerten og irritasjonen som fyrst gjorde at eg tok til å sjå meg om etter alternativ til plast. Etter kvart som alternativa vart fleire vart det tydeleg at nesten samtlege plastprodukt som vi brukar til oppbevaring og innpakking faktisk er heilt overflødige, og behovet er skapt av produsentane. Når vi samstundes veit at det flyt plast omkring på verdenshava og dekker område dobbelt så store som Noreg og at produksjonen av plast har auka frå 0,5 tonn per år i 1950 til 260 millionar tonn per år i 2008 så er det på tide å gå i seg sjølv. Eller i alle fall å sjå gjennom eigne skap og skuffer.

Her får du ei liste over dei tinga du kanskje vanlegvis bruker plast til på kjøkenet, og kva du kan erstatte dei med. Lista er kun teken utifrå eigen kvardag, så har du fleire forslag er du hjarteleg velkomen med dei.

Restemat. Det fyrste du må finne ut er om du eigentleg treng å pakke det inn. Er det restemat som skal i kjøleskapet kan du ha den i ein metallboks eller rett og slett berre ei djup skål som du legg ein tallerken over. På denne måten kan du til og med stable fleire skåler oppå kvarandre!

Tallerkar på skåler gjer det lett og plaktisk å stable i kjøleskapet.

Tallerkar på skåler gjer det lett og praktisk å stable i kjøleskapet.

Det er ikkje eigentleg sikkert at du treng å dekke det til heller. Vår erfaring er at det meste held seg fint i kjøleskap også utan plast.

Brødposar. Her kan du bruke bee’s wraps. Dette produktet kan du visst bruke til det meste der du elles ville ha brukt plast. Eg har ikkje prøvd det, for eg tykkjer det er unødvendig å byte eit produsentskapt behov med eit anna. I alle fall når du har gode alternativ i ditt eige kjøkenskap! Vi pakkar inn brøda i *trommekvervl*: Kjøkenhandkle. Stoff. Tøy. Bruk det du har. Det held godt på fuktigheit frå brødet, men slepp ut overflødig fuktigheit slik at brødet ikkje mugnar. Skal du fryse ned brødet fungerar tøy ypperleg. Ingen grunn til å gripe til brødposerullen her heller.

Brød

Fryse ned fisk. Veldig konkret døme fordi vi somme gonger får store mengder makrell frå naboen. Løysinga er avispapir. Dette er også veldig kjekt å tine fisken i (i kjøleskap, ikkje i mikro!), for papiret absorberer all væske og slo. Dette fungerar antakeleg også like fint til kjøt, og ein kan sikkert også bruke matpapir, men dette vil ikkje suge til seg på same måte, naturleg nok.

Fryse ned syltety, barnemat eller anna meir flytande produkt? Du treng ikkje plastboksar for å fryse ned. Tradisjonelt så frys ein middagsrestar og liknande i plastboksar og tinar maten i mikrobølgeomn i dei same boksane, men forsking syner at dette kan frigjere ein del skadelege kjemikaliar som havnar i maten din. Løysinga på problemet er tome mjølkekartongar (må ikkje varmast opp i mikro!), eller rett og slett på glas. Om du ikkje fyller glaset heilt fullt og ikkje skrur loket til så hardt du kan så er det inga eksplosjonsfare. Vi har i alle fall aldri opplevd det.

Matpakke i plastboks? Kjøp ein metallboks som tåler vask i vaskemaskin. Det nest beste er matpapir, men det genererer papiravfall. Vel alltid det alternativet som kan brukast opp att flest gongar.

Noko av det mest keisame eg veit er å gå med søpla. Tek du i bruk desse alternativa i kvardagen vil du raskt oppleve at plastbosset ditt ikkje lenger må tømmast kontinuerleg. Og om du no likevel bruker litt plast i ny og ne, sjå til at den er ordentleg reingjort før du resirkulerer den.

 

Du grøne glitrande adventstid, god dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s