Berre barnemat

IMG_6055

Vi hadde jo ikkje tenkt at bloggen skulle verte ein blogg om å vere småbarnsfamilie, men her kjem jammen enno eit innlegg om akkurat det. Men som innlegget om tøybleiene så handlar også dette innlegget om at det enkle ikkje alltid er det beste, sjølv om det er veldig mange som vil at du skal tru det.

TIDSKLEMMA! Det store forferdelege trollet som jagar etter deg og truar med å ete både deg og familien din med hud og hår dersom du er litt etter skjema. Visstnok veks det seg større og større di fleire born du får. Og du skulle så gjerne hatt rustning og sverd og skjold for å møte dette trollet andlet til andlet. Heldigvis står dei kjekke barneproduktprodusentane deg bi som våpendragarar. Dei gjev deg det eine gode tilbodet etter det andre for at du skal klare å tene litt meir tid for å springe frå fienden som kanskje eigentleg til ei viss grad er reell, men som i hovudsak er eit monster som er mana fram av produsentane sjølve. Eine dagen er det bleier dei kastar til deg, den neste er det barnemat, smoothies, grautpulver som du berre treng tilsetje vatn og varme i mikro før det er ferdig. Og du tek kanskje blindt imot medan du tek beina på nakken.

Men kva skjer eigentleg dersom du stoppar opp og tenkjer deg om litt? Er trollet der og et deg i eit jafs? Eller syner det seg kanskje at du hadde betre tid enn du trudde? Og kva skjer eigentleg om du les på innhaldsforteikninga på dei produkta du står med i hendene. Eller om du sjekkar kva Nestlé eigentleg held på med. Då syner det seg kanskje at produsentane sjølve sprekk i det dei får søkelyset på seg.

Nestlé

Det siste året har det vore vassmangel i mellom anna California. Det er fleire grunnar til det,  men det har ført til at ein leitar etter nokon å skulde på. Nestlé har fleire stader vore under lupa på grunn av korleis dei tappar grunnvatnet i sårbare områder (som oftast i u-land fordi der er det billegast), og gjer at lokalbefolkninga kun får tilgong til dårlegare og ofte meir forureina vatn. Eller dei kan kjøpe Nestlé sine flaskevatn om dei har råd. Det har også vore spekulert i kor vidt Nestlé si tapping av grunnvatn i California er ein medverkande årsak til tørka dei har opplevd der. Nestlé står på at dei har etikken på si side. Her er nokre lenker som syner sidene i diskusjonen:

www.nyemeninger.no

www.dagbladet.no

Om ein ikkje veit heilt kva ein skal tru tykkjer eg ofte det beste er å vere føre var og heller forsøke å finne eit alternativ der ein ikkje treng lure. Om ein må kjøpe barnemat i butikken finst det heldigvis økologiske alternativ også i butikk. Les meir om dei ulike produsentane her: www.babyverden.no

Men eg vil slå eit kraftig slag for å lage maten sjølv. Då kan du nytte kortreist og heimedyrka mat om du ynskjer. Det er også mange av råvarene til barnematen som reiser frå Noreg til fabrikkar i Spania og Tyskland, og attende til landet som barnemat. Det er ganske tullete å bruke opp utsleppsbudsjettet på slike ting når ein har poteter, fisk og korn rett utanfor døra. Ved å lage maten sjølv har du full oversikt over kva som er i maten, du kan bruke om att emballasje, og du sparer pengar og miljø.

Graut

Men så er det jo superpraktisk med den grauten du berre kan blande med vatn og ha i mikroen då! Men sidan du er så kjekk og les bloggen vår så skal eg fortelje deg ein hemmelegheit. Det kan du gjere med vanleg mjøl også. Då står du attpåtil heilt fritt til sjølv å variere over tema barnegraut. Oppskrifta er enkel:

1. Ha vatn i ei skål eller djup tallerken

2. Rør ut ønska mjøltypar i vatnet med ein gaffel.

3. Varm eit par minutt i mikrobølgeomn. Det kan vere lurt å ta ut skåla og røre eit par gongar undervegs og sjekke om du bør tilsetje meir mjøl eller meir vatn.

4. La kjøle av.

Du kan sjølvsagt koke grauten i kjele på omnen også om du ynskjer det.

Om du ynskjer kan du smaksetje med banan, sviskemos, eple eller anna, anten før eller etter at grauten vert varma.

Som eit ekstra lurt tips kan eg fortelje deg at dersom du lagar ferdig ei mjølblanding og har den på ein boks eller glas med lok så kan du ta den med deg i stelleveska!

Om du tykkjer denne oppskrifta kanskje vart servert med ein litt sarkastisk bismak så er det rett. Det følest berre så håplaust at nokre få produsentar kan få lov til å setje ein så snever definisjon på kva som er vanleg eller lurt, når eit like godt og meir miljøvenleg alternativ er vel så godt.

Middagsmat

Vi lagar barnemiddag i «bulk». Det vil seie at vi lagar store mengder om gongen og frys ned eller konserverar. Som oftast gjer vi dette samstundes med at vi lagar middag til oss sjølve, og det tek ikkje mykje ekstra tid.

Tilberedingstips: Koking er betre enn steiking. Unngå å salte. Ta vare på litt av kokevatnet.

1. Skrell og kutt ei stor mengde ønska grønsaker i terningar og kok til dei er møre. Du kan koke kjøt eller fisk saman med grønsakene eller for seg, alt etter som om du vil lage ulike typar eller berre skal lage ein type middag i dag.

2.Sil frå vatnet (og ta vare på det).

3. Køyr i matmølle (som det heiter i den nynorske matlitteraturen).

4. Ha på glas som anten er kokte dersom du vil hermetisere, eller dersom du berre skal fryse maten held det at glasa er vaska.

Smoothie/fruktmos.

Lag smoothie i matmølle og ha på glas eller skaff deg desse kjekke refillpakkane frå Squooshi. Dei kan brukast om att og om att, dei kan vaskast i oppvask og dei kan frysast. Rett nok er dei av plast, men ting som kan brukast fleire gongar er langt betre enn ting som berre kan brukast ein gong!


Du kan også lage puré av ulike hardare frukter som eple eller pære ved å koke dei møre og køyre i matmølla. Å lage smoothie og puré er ein fin måte å bruke opp frukt eller bær dersom du er redd for at dei skal forgå.

Og det tek lengre tid å gå på butikken enn å lage denne maten sjølv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s