Lysstøyping 2.0 (reblog)

Vi tykkjer det er utruleg kjekt å kunne dele tankar, tips og triks med lesarane våre gjennom heile adventstida. Men for at vi skal kunne klare å fylle alle 24 dagane med noko meiningsfullt er vi nøydde til å resirkulere litt. Difor er somme av desse postane altså reposting av tidlegare innlegg. Som følgande innlegg frå 25. februar 2014 om å støype lys. Bakgrunnen for innlegget er, som de kjem til å sjå etter kvart, at vi har spara opp stearinrestar over lengre tid, og allereie ein gong prøvd å støype nye lys av dei, men tydelegvis møtt på ein og annan bøyg . I dette innlegget skildrar eg løysingane utan å eigentleg nemne problema, så det kan hende de får litt Jeopardy-kjensle av å lese det, med forhåpentlegvis kjem de til å verte opplyste likevel (…).

IMG_6058

Etter at vi skreiv førre blogginnlegg om korleis det gjekk med lysstøypinga vår fekk vi mange gode tips og attendemeldingar på korleis vi skulle gå fram for å oppnå det optimale resultatet – altså å produsere lys som faktisk brann. Og takka vere alle desse råda og ein dose empiri har vi etter kvar funne fram til ein framgangsmåte som faktisk fungerar! Under følgjer ei forklaring i bilete og somme ord.

bilde 1

bilde 4

Soddspann er Gud si gåve til menneskeheita. Etter ymse mislukka forsøk på smelting av stearin i vassbad, flytande kring i ein isboks oppe i ein stor kjele openberra løysinga seg plutseleg. Her treng ein berre litt vatn i ein liten kjele, og soddspannet passar perfekt oppe i kjelen. Ein slepp problematikken med isboksar som kvelvar og vatn som blandar seg med stearinen og lagar «vasslommer» i lyset ein har støypt. Desse vasslommene var naturleg nok også ein del av grunnen til at lysa ikkje ville brenne. Vatn brenn ikkje. Faktisk.

Det er berre å lempe oppi soddspannet (eller anna eigna behaldar, sjølvsagt) det du måtte ha av stearinrestar. Alt av veikar og rusk fell til botnen.

bilde 2

bilde 5

 

Eitt av råda vi fekk var å støype i mjølkekartongar. Ved å stikke hol i botnen og slå ein knute på veiken vert det nemleg mykje enklare å halde veiken stram. Ein stram veike har vist seg å vere nøkkelen til suksess, sidan veikedrukninga vi opplevde ved tidlegare forsøk hang saman med at veiken hadde stivna fast i alle moglege slags buktar og svingar. Sidan ein faktisk har laga eit hol i den behaldaren ein skal fylle med flytande stearin er det heilt naudsynt å tette holet med ein teip.
Deretter knyt ein veiken fast i ein pinne eller liknande. Veiken sit fast i to endar og held seg stram og fin gjennom heile støypeprosessen.
Tips: Fyrste gongen du heller stearin opp i forma så er det lurt å ha litt på knuten og pinnen også. Når dette stivnar sit veiken betre fast i pinnen, og du kan snurre veiken kring pinnen slik at han vert enn stramare.

Eg tykkjer det er enklast å helle i forma i fleire omgongar. Det vert eigentleg slik av seg sjølv, sidan soddspannet vert fullt av alle lysrestane. Ein heller ny smelta stearin i formene etter kvart, og etterfyller soddspannet når det vert plass. Dette kan også skape artige fargesjateringar! Eg er allereie i gong med å planlegge 17. mai 2014-kolleksjonen i raudt, kvitt og blått. Sjølv om erfaring tilseier at det i realiteten kjem til å verte «brunrosa, grønkvit og grålilla».

bilde 3

 

Det held å støype ein tre-fire lys i gongen. Då brukar ein ikkje heile kvelden, i tillegg til at det allereie krever ein del stearin.

Det er også lurt å ikkje rydde vekk alt utstyret med ein gong, for etter at stearinen i formene har fått satt seg ei natt må ein ha litt stearin klar for å etterfylle i det krateret som dannar seg etter at stearinen har vorte kald og trekt seg saman og ut mot sidene.

bilde 5

 

Fanfare! Slik vart altså lyset sjåande ut til slutt! Lyset er støypt opp-ned, slik at det er botnen av mjølkekartongen som vert toppen av lyset. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna at lyset er finast på denne sida. Det som har vore øvst i støypeforma har gjerne vorte litt mindre pent og litt mindre jamnt etter at ein har måtte etterfylle med stearin.

La det bli lys!

3 thoughts on “Lysstøyping 2.0 (reblog)

  1. Oi, dette såg ut som eit kjekt prosjekt! Har hatt lyst til å prøve lenge, men har vore redd for om det eignetleg var noka god ide… Men no har jo du testa ut det! Så takk for tips og «oppskrift»! 🙂

  2. Ja, lysa brann verkeleg bra no! Det var godt at vi endeleg fekk det til. Veike får ein forretsen kjøpt på Panduro. NB: Der har dei studentrabatt dersom ein tek med seg studentbevis.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s