Heilt nøtt

IMG_6059

Du har kanskje sett at det vert danna skum når du skyl enkelte matvarer som til dømes linser eller ris? Desse matvarene inneheld nemleg stoffet saponin som reagerar med vatnet og lagar skum. Wikipedia lærer oss: 

«I biokjemien er saponin ei undergruppe av glykosida, det vil seie emne med to distinkte kjemiske delar der den eine er ein sukkerart og den andre ein annan type substans.

Saponina liknar glykosida kjemisk, men har eigenskapen at dei skummar i vatn. Namnet saponin kjem frå latin «sapo», som tyder «vaske». Saponin kan vere årsak til hemolyse ved kontakt med blod og kan derfor vere giftige. På grunn av denne effekten har saponina historisk vore brukte som pilegifter, då den giftige verknaden berre kjem ved injeksjon. Ved inntak gjennom munnen vert saponinet hydrolysert på same måte som glykosidet. Dei finst mest i frukter som forsvarsmekanisme, men kan finnast i heile planta i varierande mengd. Potetbær er giftige grunna innhaldet av saponin.»

image2_w

Interessant! I den tidlegare omtala Husmorboka (også kjend som kjelda til All Kunnskap Som Er Verdt Å Ha) kan ein i kapittelet om reingjering lese litt om korleis denne skumminga visstnok er sjølve poenget når ein vil reingjere til dømes plysjsjeselongen (dette dømet valde eg mest fordi det såg artig ut på trykk) skånsomt. Skummet lyfter skiten av materialet, slik at skiten følger med skummet når du så fjernar det.

Men så skriv Store Norske Leksikon dette:

«Såpe virker ved at den (i løsning med vann) fukter og emulgerer fett eller smuss, slik at dette kan skylles vekk. Skummet som dannes, har ingen egentlig rengjørende virkning, men har betydning for den psykologiske opplevelsen av rengjøringen.»

Her er husmorkunnskapen på vaklande grunn! Er det likevel ikkje såpa som vaskar reint?! Har husmødre i generasjonar lagt på kne og skrubba sjeselongar utan annan grunn enn den psykologiske opplevinga av reingjeringa?! Heldigvis kjem kvinnebladet Det Nye oss til unnsetning når dei i sin artikkel om vaskenøtter syner til at «saponinen i vaskenøttene fungerer som ein naturleg surfraktant.»

Vi kan trekke eit lettelsens sukk! Dei siste åra har vi nemleg brukt vaskenøtter til å vaske kledene våre med. Dette er eigentleg ikkje nøtter, men skalet av såpebær som reagerer med vatnet og lagar skum og frigjer altså saponin som fungerer som ein naturleg sufraktant; det stoffet som kapslar inn skiten og skyl den ut med vaskevatnet. Det fungerer overraskande godt, og vi har brukt det på alt frå ullvask til bleievask; alt frå 30–90 grader. Kledene vert sjølvsagt ikkje bleika eller kjemisk flekkfri på same måten som du kanskje oppnår ved kjemisk tilverka vaskemiddel, men dei vert fri for skit. Det same vert naturen som slepp å hanskast med kjemikalia, for som Miljødirektoratet skriv, så er det ikkje slik at svane- og miljømerka produkt er utan miljøskadelege stoff, dei inneheld berre mindre miljøskadelege stoff enn konkurrentane (KJEMPE-NB!). Dette er viktig å vite, for det tyder ikkje at du med det beste samvit kan bruke kva som helst så lenge det har svane på seg! Det tyder berre at du vel det beste av vondene. Då er det fint at naturen sjølv gjev oss eit godt alternativ som fungerer like godt som dei kjemiske alternativa, jamvel betre, dersom ein ser på det store biletet.

Og det tykkjer eg ein skal gjere.

Eit lite bilete av noko som kan vere med på å redde det store biletet: Vaskenøtter (og den fine posen det kjem i)

Eit lite bilete av noko som kan vere med på å redde det store biletet: Vaskenøtter (og den fine posen det kjem i)

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s