Fattigsleg og (under) arm (reblog)

 

Dette blogginnlegget kom fyrst på trykk 26. mars 2014, og er sjølvsagt ekte gjenbruk, med nokre justeringar. 

IMG_6060

NO ER VI HALVVEGS TIL JULAFTA! Vart du litt sveitt berre av tanken?

Ingen fare, Grøn er ein fin farge har som vanleg svar på samtlege utfordringar i kvardagen!

Eg las ein stad at det er mistanke om at aluminium i deodorantar kan vere brystkreftframkallande. Difor har eg ei stund brukt deodorantar utan kunstig tilsetning som eg har kjøpt mellom anna på etikken. Dermed visste eg at kjemiske tilsetningar ikkje var naudsynt for å hindre svettelukt. Til og med med mykje trening. Difor tykte eg det var ganske trygt å gje seg til å skulle lage eigen deodorant av det eg fann i kjøkenskapet.

Eg har tidlegare lovsunge kokosoljen. Den kan brukast til nesten alt! Mellom anna å lage nettopp deodorant, kunne internettet fortelje meg. Oppskrifta er som følgjer:

Du treng:
Eit glas med skrulok eller ein annan behaldar som tåler varme
To spiseskeier kokosolje
Ei spiseskei natron

(Denne oppskrifta kan sjølvsagt mangedoblast)

 

1. Set glaset på plata for å varme det litt.

2014-03-18 18.12.48

 

2. Ha i kokosoljen og rør i den til den vert kremaktig i konsistensen. Oljen smeltar på 24 grader, så du må ta det varme glaset av plata for å ikkje smelte oljen heilt.

2014-03-18 18.13.57

 

3. Ha i natron og rør det inn i oljen.

Du får best resultat dersom oljen aldri er meir smelta enn til kremaktig konsistens. Då får ein nemleg fordelt natronen i heile oljen, og slepp at det søkk til botnen.

2014-03-18 18.18.33

 

4. Smør dette som ein krem under (nyvaska) arm. Oljen gjev deodoranten god smøreeigenskap, samstundes som den er god for huda, og natronen nøytraliserar bakteriane som er det som skaper vond svettelukt.

 

5. Spar pengar, bryst og miljø.

Lukke til!

2 thoughts on “Fattigsleg og (under) arm (reblog)

  1. Wow, det høres jo kjempeenkelt ut. Så mye rart vi lures til å kjøpe, bare fordi «det bare er sånn at vi trenger det»!

    Takk for tips 🙂

    • Takk! Ja, det er faktisk utruleg enkelt. Eg får stadig oftare denne aha-opplevinga der eg innser at det slett ikkje er alle ting som er lettast å kjøpe. Det er i alle fall mykje meir morosamt og spanande å lage dette sjølv!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s