Mens vi ventar

IMG_6062

 

God Luciadag!

I denne bloggposten skal eg ta føre meg eit tema som mange tykkjer er ubehageleg. Men sidan Luciadagen er ein slags kvinnedag midt i førjulsstria så skal eg hoppe uti det:

Menskopp.

Der. Eg sa det. Om du også har tenkt på at kor utruleg mykje avfall som vert produsert i samband med sanitær og hygiene, deriblant mensen, og lurt på om det verkeleg må vere slik, så er svaret nei. Løysinga er ukjend for dei fleste, tanken på det er utenkeleg for somme. Eg har brukt menskopp i ein del år no og er supernøgd! Så lettvint og totalt uavfallsproduserande! Så må kvar einskild kvinne finne ut om dette er noko for dei. Eg skal ikkje utdjupe så mykje her, sidan kvinnebladet Det Nye nok ein gong gjev deg svaret dersom du trykker på lenka over. Les artikkelen og ta stilling! Prøv det helst ut, og spar både miljø og lommebok.

menskopp2

Foto: Det Nye

Skulle ønske eg kunne seie som i reklama: «Du får kjøpt den hos apotek eller hos bandagist», men enn så lenge så må den bestillast på internettet, til dømes hos Naturlig Liv.

 

Du grøne glitrande adventstid, goddag!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s