Bomulls-lappar

Eg har fleire gongar nemnt at det er mange av dei tinga vi omgjev oss med til dagleg som enkelt og greit kan erstattast av ting du lagar sjølv. Så lenge eg har brukt sminke har eg kvar dag brukt minst éin butikkjøpt bomulls-lapp med sminkefjernar. Det seier seg sjølv at dette vert ein del avfall! Og M&M likar ikkje å produsere meir søppel enn vi må! Difor hadde eg for ei stund sidan ei lita økt ved symaskina der eg laga opp ein god del heimelaga lappar etter oppskrift frå det allvitande Internettet.

Eg er så heldig at mor mi og bestemor mi hadde gardinbutikk då eg vaks opp. Dei sydde gardiner til folk på bestilling, og det var difor naturleg at eg og syskjena mine fekk lære saumeleg åtferd. «Rett mot rett» og «ikkje dra i stoffet» var like vanleg å høyre som «sit fint» og «ikkje slafs når du et» (alt er like viktig, sjølvsagt). I tillegg til den andelege ballasten har eg også eit stort lager stoffbitar og tråd etter nemnte oppvekst. Difor slapp eg å gå på butikken for å skaffe materiale til følgande oppskrift, noko som sjølvsagt gjorde at eg var enno meir nøgd med gjennomføringa.

Her er oppskrifta:

Du treng:
– Symaskin (kan erstattast av nål og ekstrem tålmod)
– Saks
– Tråd
– Flanellstoff eller anna mjukt stoff. Frå gamalt sengety eller liknande.
– Bomullfôr eller anna tjukkare stoff til «padding». Her kan ein sikkert bruke eit par lag av NSB-pledd om ein ikkje har anna. Det viktigaste er at materiala tåler å verte vaska på 60 grader.

IMG_2590

1. Her er stoffa eg brukte: Bommullsfôr til høgre og flanellstoff frå bestefaren mi si gamle arbeidsskjorte til venstre. Svimerkene i bordplata er etter at eg skulle måle opp lut til såpelaging…

IMG_2591

2. Klipp ut fram- og bakside av flanellstoffet og ei rute til fyll av fôrstoffet. Hugs å rekne med ein cm saumrom på kvar side. Vil du til slutt ha ruter på 4×4 cm så må du klippe ut 4 cm + 1 cm saumrom på kvar side = 6×6 cm.

IMG_2592

3. Legg fôrstoffet på vrangsida av eine flanellbiten. Legg deretter flanellbitane rett mot rett. Det vil seie at det vert flanellbit rett mot rett, samt ein fôrbit oppå der

IMG_2593

4. Sy dette på tre sider. Den siste sida må vere open slik at du kan vrenge. Klipp hjørnene skrå slik at det vert lettare å vrenge.

IMG_2594

5. Vreng!

IMG_2595
6. Brett inn kantane på den usydde sida

IMG_2596

7. Sy den usydde sida. Om du vil at det skal sjå litt betre ut, syr du ein saum kring heile lappen.

IMG_2597

8. Ein fin haug med lappar. Om du er meir petimeter enn det eg er så vil eg anbefale å bruke nåler og slikt. Men desse funkar like godt til å fjerne sminke med sjølv om dei er litt rustikke i utsjånaden.

IMG_2598

9. For å unngå å måtte bruke ein lapp kvar gong du fjernar sminken så vil eg på det sterkaste anbefale å bruke kokosolje til å fjerne sminken. Denne er kjøpt på Etikken, men det er det same som Cocosa. Kokosolje er superpraktisk fordi den har fast form ved romtemperatur, men smeltar ved hudkontakt. Ta litt på fingrane, gni på augene og tørk av med bomulls-lappen. Dermed vert ikkje lappen gjennomvåt, og du kan bruke den fleire gongar.

Legg dei brukte lappane i ein vaskepose eller i eit putevár og vask saman med underty og handkle.

One thought on “Bomulls-lappar

  1. Tilbakeping: Face: Off | Grøn er ein fin farge

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s