Face: Off

IMG_6128

 

I dag vil eg skrive litt om sminkefjernar.

Men fyrst vil eg berre få drive litt reklame for denne flotte bloggen: http://gronarekvardag.no/ Den er skriven av Kristine, som er ei av bloggarane i Grønne Jenter. Sjekk det ut! Og medan du er der kan du sjekke innom innlegget om olivenolje som ansiktsvask.

Som Kristine skriv er det nemleg slikt at «likt løyser likt» i kjemien. Og dei fleste sminkeprodukt er oljeløyselege. Likevel vel dei fleste å bruke kjemiske produkt til både å vaske andlet og å fjerne sminke. Somme tykkjer det kanskje er litt ubehageleg å få alle desse kjemiske produkta inn på auget og vel å bruke eingongsserviettar i staden.

Her skal du få den enkle løysnga for å løyse oljebaserte produkt. Pampadapam: OLJE! Du kan bruke olivenolje, slik Kristine skriv om, eller du kan bruke kokosolje, slik eg gjer. Grunnen til at eg har valt kokosolje er at den er så handterbar når den ikkje er i bruk, sidan den ikkje vert flytande før ved 24 grader; altså når du tek den på huda.

Framgangsmåten er enkel: Ta olje på hendene og gni det på der du vil fjerne sminke. Det vert litt sminke både her og der i andletet, men det tørkar du lett vekk med ein varm klut eller ein bomulls-lapp. Om du tykkjer dette ikkje er nok kan du alltids vaske andletet ein gong til slutt.

Eg tykkjer dette har fungert heilt upåklageleg. Minst like bra som vanleg blå flaske med sminkefjernar frå butikken, og oljen er betre for miljøet og for augene!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s