Nettopp

 

IMG_6064

Handlenettopp. 

Av alle små grep som kan gjerast for å gjere kvardagen litt grønare er kanskje det å bruke tøyhandlenett når ein handlar noko av det som er mest akseptert av storsamfunnet. Dei fleste matvarekjedar med respekt for seg sjølv tilbyr handlenett med deira logo på, og er du på eit arrangement eller festival kan du vere nesten sikker på at du får utlevert eit handlenett.

Problemet er berre å hugse å bruke dei.

Dei fleste av oss har nok ein intensjon om å hugse handlenett når dei reiser på butikken, men endar opp med nok ein plastpose til samlinga likevel. Eg har enno ikkje funne ei god løysing på korleis ein skal løyse dette problemet, men kan gje nokre heite tips:

1: Ha handlenetta i ein pose eller eit handlenett (meta!) ved utgangsdøra.

2: Ha eit handlenett i kvar sekk eller veske. Ha eitt eller to i bilen

3: Gjer det til ein mental vane å tenke på handlenett kvar gong du skriv handleliste. På den måten er det naturleg for deg å hugse på handlenetta også når du tek med deg handlelista for å handle.

Dersom du ikkje har lyst til å spandere ein tiar på eit handlenett neste gong du er på Mega, eller eigentleg tykkjer det er ganske stress å skulle tenkje på så mykje kvar gong du skal ut av døra kan du tenkje på at det kostar ei krone per plastpose. Kanskje treng du to eller tre posar kvar gong du handlar, og det gjer du kanskje to-tre gonger i veka? Det vert eit snitt på omlag 156 posar. 156 kroner i året som kunne gått til noko anna. Til dømes å investere i eit par handlenett? Eller alternativt lage det sjølv.

Du grøne glitrande adventstid, goddag.

 

 

One thought on “Nettopp

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s