Gåveinnpakking

img_6132

 

 

 

 

 

 

 

 

Det snørar seg til mot jul, og det er på tide å snakke litt om det som eigentleg betyr noko i jula, nemleg gåvene. Og viktigast av alt snakke litt om det ytre, sidan det tross alt er det som tel.

Men visste du at vanleg glansa gåvepapir ikkje kan resirkulerast i vanleg papir? Den glansa overflata på papiret skal gjere papiret sterkt, men gjer også at det ikkje vert brote ned på same måte som resten av papirmassen. Fint å sjå på, dumt for naturen. Høyrt det før? Her skal du få nokre alternativ som gjer dine julegåver til vinnarar under juletreet allereie før dei er opna!

1. Avispapir.

img_6226

 

 

 

 

 

 

 

 

Om du som oss har ein stor stabel leste aviser liggjande er dette perfekt. Det er også veldig artig å la tilfeldigheitene råde når det gjeld val av motiv. Ta ei tilfeldig side og sjå kva som skjer. Parental Advisory: Verda er grusom, så det kan hende det er lurt å sjekke at du ikkje har fått med dei verste motiva. I alle fall dersom du forsøker å skape litt julestemning.

2. Tøy. Gamle putetrekk, dynetrekk, sjal, stoffrestar eller liknande. Du kan anten tulle gåve tilfeldig inn i stoffresten, eller du kan dandere dei sinnrikt slik: Furoshiki.com. Om du har veldig god tid kan du sy små tøylommar som mottakaren kan nytte opp att til neste år.

3. Gråpapir.

img_6227

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Er gjenvinnbart. Eg er veldig glad i å bruke dette fordi det ser rustikt ut og fordi det er så veleigna til å teikne på, eller til å skrive til/frå-lappen direkte på.

4. Gåveøskjer. Desse kan brukast om att av mottakaren. Du kan anten kjøpe eigne eller du kan pynte ei skoøskje.

Kanskje finst det enno fleire kreative grøne tips der ute?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s