Be the change you wish to see in the world

Be the change you wish to see in the world – Mahatma Gandhi

Eg er nøgd. Vi klarte ganske lenge å halde oss til å legge ut eitt innlegg om dagen heile adventstida gjennom. Men etter kvart som datoane kom nærare og nærare julafta kom vi stadig lenger bakpå, og måtte stundom poste både eitt og to innlegg om dagen. I dag har eg lese gjennom innlegga og samanlikna lista over innlegg på bloggen med lista vi laga på førehand over kva innlegg som skulle postast, og ser at vi ikkje er langt unna å vere i mål.
Det som framleis manglar er:

  • Lag eigen joghurt
  • Unngå eingongsprodukt
  • Korleis arrangere bytekveld
  • Avgrense flybruken
  • Oppsummering

Dette vert på ein måte ein oppsummeringspost. Tanken var jo som de kanskje skjønar at det skulle kome på julafta, og då skulle vi i tillegg kåre ein vinnar av giveawayen vår. Men sidan det ikkje vart då så får det verte no: Den heldige vinnar av ein pakke vaskenøtter ++ er: KIRSTI BJOTVEIT! Gratulerer!

Når det gjeld dei øvrige postene så er det på ein måte litt ergerleg å ikkje få fullført rekka og kryssa ut alle postane til rett tid, men det gjev samstundes høvet til å skrive innlegga seinare. Eg har nemleg tradisjonen tru eit stort og omfattande sett med nyttårsforsett. Fram til eg såg nyhendeåret 2015 på NRK gjekk desse forsette eigentleg mest på at eg skulle trene meir, bruke mindre pengar osb. Det vanlege. Men etter ein heil time der ein fekk dei grusommaste hendingane rett inn i julefreden bestemte eg meg for eit fint og ambisiøst nytt forsett i staden: Redde verda. I alle fall litt av den. Eg kjem aldri til å klare å redde verda åleine, men eg har bestemt meg for å gjere det eg kan for å forsøke å gjere ein skilnad. Og så er eg av den tru at handlingar gjev ringverknader. Kanskje klarer eg å inspirere eller påverke nokon andre til å gjere det vesle dei kan, og så vidare. Saman er vi sterke.

I samband med dette nye store nyttårsforsettet har eg allereie ein del delmål. Mellom anna å arrangere ein bytekveld, og å ikkje fly. Difor kjem eg til å skrive om dette etter kvart, saman med alle dei andre prosjekta langs vegen. I tillegg til alle dei miljørelaterte tinga som vi ofte skriv om på denne bloggen har eg også bestemt meg for å verte flyktningeguide, for å få gjort noko handfast for å betre situasjonen til menneske som har vore så langt ifrå å ha det strålande 2015 som vår vesle familie har hatt. Det vert spanande.

Godt grønt år til alle lesarar.

Go forth into the world in peace;

be of good courage;

hold fast that which is good;

render to no one evil for evil;

strengthen the fainthearted;

support the weak;

help the afflicted;

honour everyone.

– The Book of Common Prayer

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s