Less is more, more or less

God somar!

I skrivande stund er eg inne i mi siste ferieveke etter deilige dagar på hytta i Valdres og på tur til Sverige saman med gode vener. Vekene flyg forbi i så stor fart når ein har det fint, og før vi visste ordet av det var vi komne heim att til gulrøter, lauk, sukkererter og graskar i fri utfalding. Ruccolaen har i år som i fjor vore feilslått, men denne gongen trur eg berre det skuldast at vi var vekkreiste i det vesle tidsrommet då den er brukande. Squashen veks fort og er allereie haustemoden, og bæra må snart plukkast. Det er så store gleder!

Dette innlegget vert ikkje så langt. Det skal rett og slett berre vere ein kort og enkel hyllest til det å ha tid, og til det å ta seg tid til å setje pris på det vi har kring oss. Av og til må ein litt vekk for å sjå seg sjølv og sitt eige liv i perspektiv, og denne korte ferien har verkeleg vore slik for meg. På ei enkel hytte mellom stølane i Valdres, utan innlagt vatn, med utedo og solcellepanel vart det god tid til å sjå seg sjølv litt utanfrå og til å tenkje på tankane sine. Og denne somaren har eg tenkt mykje på kva det er som verkeleg gjev glede og meining.

Klisjear er klisjear av ein grunn, og utan at mine knapt to veker som feriefilosof har bragt meg noko nærare Den Store Sanninga, så vert det ved ettertanke raskt tydeleg at det er dei nære, enkle og små tinga som betyr noko. Å ha familie og vener som ein gler seg til og ved å tilbringe tid saman med. Å få oppleve naturen. Å ha tid til å sitje i ro og gjere ingenting, eller å lese og tenkje på tankane sine. Det er såkalla «enkle gleder», men det er jammen meg ikkje noko enkelt ved å skulle få tid til dei i kvardagen. Å sitje på ei hytte utan internett eller straum tvinger deg til å prioritere desse tinga fordi det er lite anna å ta seg til enn å snakke saman eller å gå tur, men med ein gong vi kjem innanfor 4G-dekninga forsvinn merksemda og blikka vekk frå kvarandre og omgjevnadane og inn i skjermen att. Og tida som vi har hatt overskot på vert snart i underskot når kvardagen fyllest opp av jobb og ærend. Kva er det vi jagar etter? Korleis veit vi om vi er lukkelege dersom vi ikkje tek oss tid til å kjenne etter?

Førre blogginnlegg handla om nyttårsforsett. Dette innlegget inneheld også eit forsett og eit ynskje, men det gjeld oss alle:

Eg skulle ynskje vi gav oss sjølve og andre tid til å vere til stades i våre eigne liv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s