Verdiar

Kva er det eigentleg som gjer deg lukkeleg? Kva er dei viktige tinga i livet? Kva er dine verdiar? Kanskje har du tenkt over dette i flytande augneblinkar eller kjent på lukka i det sekundet ho var der. Kanskje har du kjent verdiane dine trekke på deg med usynlege gravitasjonskrefter. Men har du nokon gong gjeve deg sjølv tid til å tenkje over desse spørsmåla? Har du vore i ro og så til stades hjå deg sjølv at du har klart å gripe tak i desse flytande kjenslene og setje dei opp som overskrifter for ditt eige liv? Og her meiner eg verkeleg kjent etter kva det er som er dine overskrifter. Ikkje kva religionen din, foreldra dine, samfunnet eller PR-byråa foreslår, men kva som i bunn og grunn er deg og ditt?

Dette tykkjer eg er vanskeleg. Det er så store spørsmål, og å verkeleg gripe tak i det er som å bere vatn mellom hendene. Fram til for eit par år sidan hadde eg ikkje ofra dette ein konkret tanke. Eg visste veldig godt kva eg ville her i livet og kva ambisjonar eg hadde, men hadde ikkje tenkt gjennom kva bakgrunnar eg tok vala mine på. Kanskje var det eit teikn på at eg tok til å verte vaksen, eller kanskje var det utfordringar i kvardagen som gjorde det klart at det var trong for å ta stilling til desse spørsmåla. Eg hugsar ikkje kva som gav meg den fyrste dytten inn mot desse spørsmåla, men eg hugsar at eg tok til å gå på ein veg som har leidd meg til dei verdiane eg etter kvart har klart å konkretisere.

Alle viktige tankeprosessar bør sjølvsagt ende opp i ei liste, og her er mi:

  • Relasjonar (famile, vener)
  • Helse
  • Personleg vekst
  • Å bidra
  • Miljø og verda
  • Lidenskapar

Her står dei altså og lyser mot meg. Kva skal eg bruke dei til? Det er lita nytte i å definere dei berre for å ha gjort det. Trauste vestlendingar set ikkje opp verdioverskrifter for sitt eige liv berre for å ha nokre fine ord å setje i glas og ramme eller skrive på tilfeldige interiørartiklar. Heile poenget må vere å nytte desse overskriftene som kompass både mot det livet du ønsker å leve i framtida og det livet du lever i dag, og å ha eit rammeverk å måle kvardagshandlingane og vala sine opp mot. For meg har det betydd at eg i dei seinare åra har vald vekk ei rekke ting og livsretningar som kanskje ville leidd meg langs den vegen som eg har inntrykk av at dei fleste går på. Den hovudvegen samfunnet og Folk Flest tykkjer at du «skal» gå på. Om eg skal dra samanlikninga med at livet er ei reise så er eg ikkje sikker på kva den retninga eg har vald å ta heiter lenger, men eg veit i alle fall at eg har teke av frå hovudvegen og sit på rasteplassen ved sidan av og ser på alle dei som susar forbi. Og det gjer meg mykje meir lukkeleg enn å vere med på jaget langs ein kurs og mot eit mål som nokon andre har fått setje.

Kva er det eigentleg som gjer deg lukkeleg? Kva er dei viktige tinga i livet? Kva er dine verdiar?

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s