Novemberutfordring: Mindre søppel #1

Vi har nettopp flytta attende i nyrenovert hus etter at vi hadde vasslekkasje i slutten av september. Vi fekk bu hjå foreldra mine medan det heile pågjekk, noko som etter kvart vart fem veker. Spanande tilstander når eg hadde termin 4.11. (Framleis ingenting anna enn venting på den fronten). For å fylle ventetida og permisjonstida med noko så bestemte vi oss for å nytte høvet til å reevaluere alle eigendelane våre etter den etter kvart så populære KonMari-metoden, frå den minste sokk til bøkene og møblane våre. Det vart eit omfattande prosjekt som fylte heile oktober, men som no har gjort at vi kan flytte attende i eit hus som kjennest heilt nytt, og som kun er kun av ting vi likar eller har bruk for. Og når minsteknert er ute skal vi etter kvart få arrangert eit mikroloppis der pengane går til Leger utan grenser.

All ryddinga gav blod på tann for min del, og eg bestemte meg for å ha eit liknande prosjekt for november også, og denne gongen skrive om det her på bloggen. Om det er den gode kjensla av å luke i eigne vaner og eigendelar som er sterkast, eller om det er den klassiske reirbygginga som slår til veit eg ikkje, men denne månaden skal altså verte fylt av mindre søppel. Dei fleste har kanskje fått med seg «Zero Waste»-røyrsla? Dei som har sett på «Live redder verden. Litt» har kanskje fått med seg at det i alle fall inkluderar å ha med eigen emballasje på handletur. Men etter å ha gjort litt research mellom anna på facebookgruppa til Zero Waste Norge og på internettet, skjøna eg etter kvart at det eigentlege målet er å legge om livsførselen og vanane i kvardagen slik at ein legg att minst mogleg avfall langs livsvegen. Anten det er fysisk avfall eller om det er Co2-utslepp. Altså å  leve mest mogleg medvite på eige forbruk og handlevanar.

I går lasta eg ned denne boka og byrja lese:

last-ned

I dag har eg hatt min fyrste handletur med minst mogleg avfall som mål (i tillegg til maten, sjølvsagt):

Spent!

Spent!

Det som sto på handlelista var dette:
– Lettmjølk
– H-mjølk
– Havremjølk
– Kålrabi
– Isbergsalat
– Sitronsaft
– Soltørka tomat
– Pasta

Dette er ei ganske beskjeden handleliste, men sidan vi aldri veit om vi kjem til å vere heime eller på fødestova ved middagstid, så må vi ta det litt med ro på ingrediensfronten.

Resultat:
– Mjølk: Her er det ikkje så mykje anna å gjere enn å kjøpe mjølkekartongar og skylje, brette og stappe slik vi er lærte opp til. I Slovenia var eg ein gong på ein marknad der dei hadde mjølkedispenser som du sjølv kunne fylle drikkeflasker eller liknande med, men mattilsynet hadde sikkert fjerna den etter fyrste mjølkesprut. Alternativt kunne eg ha gått til mjølkefjøset til naboen min og fått fylt ei flaske, men gravide skal helst ikkje ha upasteurisert mjølk. Dessutan hadde vel mattilsynet rynka på nasen av dette også.
– H-mjølk: Dette plar vi vanlegvis ikkje å kjøpe, men her er planen å bruke denne til å lage eigen yoghurt. Vi brukar allereie den tyrkiske yoghurten i literspann (her i huset går den under namnet «bartegurt», etter bartemannen på pakken), men om vi kan lage ein liter eigen yoghurt eller to så sparer vi i alle fall litt plast.
– Havremjølk: Det er eg som drikk denne i mitt noko vinglande forsøk på å ha eit vegansk kosthald. I dag la eg merke til at Coop si eiga havremjølk hadde ein liten plastringdings under loket, så difor valde eg Oatly sin for å sjå om dei har klart å la vere denne ekstra søppelbiten.
– Kålrabi: UTAN PLAST! Kålrabi og hovudkål er tydelegvis blant dei få varene som slepp plastemballasje. Elles var det sørgelege greier i grøntdisken! Plast med plast på så langt auget kan sjå.
– Isbergsalat: Eit resultat av dårleg planlegging. Vi leiger hus hjå den største salatprodusenten i fylket. Dermed veit eg godt at salatsesongen er over for lengst. Men det er jo måndag, og då plar vi ha salat til middag. Dermed måtte eg bite i plasteplet og kjøpe isbergsalat i plast. Eigentleg burde vi handle etter sesong og ikkje ha salat med somaringrediensar midt på vinteren, men så veit eg også at salaten får plast på seg i det sekund den vert skoren. Det er så og seie umogleg å få tak i plastfri salat, til og med i sesong. Løysinga er sannsynlegvis å dyrke sjølv (eller få gå i åkeren til sin salatdyrkande nabo).
– Sitronsaft: Her vurderte eg å kjøpe sitroner i store kvanta på Coopen og lage saft av dei sjølv, men så kom eg på at vi kvitta oss med juicemaskina under den store ryddesjauen førre månad. Eg slo meg til ro med å kjøpe/ta med heim ei stor flaske frå kafeen min. I etterpåklokskapens lys ser eg at eg heller burde vente til eg var sikker på at eg skulle bruke sitronsaft og heller kjøpt eit par sitronar som eg kunne pressa for hand til formålet (som er hummuslaging).
– Soltørka tomat: Her kjøper vi inn i tolitersboksar på kaféen, så eg fekk fylt på eit syltetøysglas med det der.

img_7583-2

Deilig soltørka tomat i store mengder

img_7584

Kjekk veslesyster på jobb fyller lydig opp glaset til noko miljøkoko storesyster i permisjon.

– Pasta: Eg gjekk for soyaversjonen som er pakka inn i plast. Den er nemleg vegansk. Men her møter vi eit problem som eg følte på med fleire av varene over, nemleg:

Men kva skal ein velge då?!
Skal ein velge økologisk, avfallsfritt eller vegetarisk/vegansk? Tomatane i lausvekt er frå Spania og dyrka i drivhus. Ikkje er dei økologiske heller. Pastaen som eg lagar sjølv er med egg, som jo ikkje er veganske akkurat. Og om eg skal kjøpe egga frå lokale produsentar så er dei ikkje økologiske, sjølv om ein kan kutte på emballasjen.

Og skal ein la vere å velge varer berre fordi dei er pakka inn i plast? Eg kunne jo klart meg utan havremjølk eller soltørka tomatar, men. MEN!

Her er dei tre varene som var mogleg å få tak i utan emballasje:

img_7587

Fv: Kålrabi, stor sitronsaft og soltørka tomat i syltetøysglas

Eg er spent på å sjå kvar dette endar! Følg med gjennom november for å sjå korleis vi løyser søppelproblematikken men ein ny baby i hus!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s