#herotozero 3 og 4

I november har eg som prosjekt å sjekke innom Zero Waste-livsstilen for å sjå om dette er noko som går an å leve etter eller i alle fall strebe mot også på landsbygda. Eg har kalla prosjektet #herotozero, og eg vil skrive litt om dei ulike opp- og nedturane her.

Eg har hatt som mål å publisere noko frå Zero Waste-prosjektet kvar torsdag i november. Men førre torsdag var eg litt oppteken, så difor kjem avsnitt tre og fire i søppelsoga saman denne gongen. Førre torsdag var eg nemleg litt oppteken men å setje til verda denne vesle karen:

 

img_7636

Ein fødsel er kanskje ikkje Zero Waste, men det er i alle fall ei no bullshit, cut the crap-oppleving. Og det er han som må leve med dei dårlege vala vi gjer.

Av og til må ein setje prinsipp om både blogging og Zero Waste til side… For det skal seiast at sjukehus ikkje akkurat har fokus på å begrense søppelproduksjonen! Eingongs plast og eingongs papir var regelen. Men i hygiene og praktiskheita sitt namn så tykkjer eg faktisk at akkurat sjukehus skal få gå framst i køen når det gjeld kven som skal få «lov» til å forsøple her i verda. Likevel trur eg det er mange institusjonar, som til dømes skular, barnehagar, kommunehus og sjukeheimar som kunne gjort ein verkeleg stor skilnad dersom dei sette seg føre å begrense mengda søppel dei produserar, eller i alle fall korleis dei handsamar avfallet sitt. Noko av det som er mest tydeleg undervegs hittil i denne månaden er nemleg i kor stor grad folk (og eg sjølv også, eigentleg) går på autopilot. Vi tenkjer ikkje to gongar over at vi tørkar hendene på uavgrensa mengde tørkepapir etter kvart toalettbesøk. Vi tenkjer ikkje over at vi brukar plastbeger og plastbestikk når vi kjøper salat frå salatbaren på butikken. Vi tenkjer ikkje over at det finst alternativ til plastpose til matvarene eller våtserviettar til barnerumpene. Og det andre som har vore tydeleg denne månaden er kor lett det er å gjere små endringar i eigne vaner som kan gjere ein verkeleg stor skilnad på mengda søppel ein forbruker. Hittil når eg har høyrt om Zero Waste så har eg sett føre meg folk som handlar matvarer i noregsglas. Men det eg har oppdaga etter kvart er at ei reise mot null søppel ikkje handlar om å produsere null søppel frå dag ein, men altså å gradvis legge om vanene sine for å sitje att med minst mogleg avfall. Eit medvite forhald til eigen søppelproduksjon tvinger deg til å ta andre val i kvardagen. Her er nokre av dei grepa som eg har gjort:

  1. Alltid ha med handlenett på butikken
  2. Setje ein «uønska reklame – nei takk»- lapp på postkassa
  3. Ta kontakt med lag og organisasjonar ein mottek adressert reklame frå for å be dei heller sende nyhendebrev og medlemsblad digitalt
  4. Ta kontakt med produsentar som du meiner kunne endra på emballeringa si og gje konstruktive tilbakemeldingar
  5. Unngå matpapir og plastposar – bruk matboks (helst i stål, sidan det har større gjenvinningsverdi enn plast)
  6. Unngå tomflasker og eingongskoppar – bruk drikkeflaske (helst i stål, sidan det har større gjenvinningsverdi enn plast)
  7. Tenk gjennom kva du kjøper. Vel produkt som har:
    1. Minst mogleg emballasje per vekteining (store kvanta er betre enn små)
    2. Som er pakka i emballasje som har høg gjenvinningsverdi
  8. Kjenn gjenvinningsverdien til ulikt avfall. Det beste er å unngå avfall heilt, men i hovudsak er dette ein prioritert rekkefølge:
    1. Ingen avfall
    2. Komposterbart (merk at bleier ikkje er komposterbart, sjølv om ein i til dømes Gloppen kan kaste bleier i organisk avfall. Grunnen til dette er at ein fjernar plasten og den andre gørra frå komposten når bæsjen og tisset er kompostert)
    3. Glas, metall og papp. Dette kan gjerast om til nye produkt som er av like god kvalitet som det dei vart smelta frå. I tillegg er det nedbrytbart på lang sikt.
    4. Plast. Resirkulert plast får dårlegare og dårlegare kvalitet for kvar runde av gjenvinning det må gjennom. Plast er heller ikkje nedbrytbart, noko som resulterar i  mikroplast på dei raraste stader og «plasthav» i verdenshava
    5. Restavfall. Dette er alt det som er blandingsavfall eller ikkje kan gjenvinnast av annan grunn.
  9. Forbruk mindre og av betre kvalitet
  10. Spre den glade bodskapen til alle! Utfordre andre til å bruke thermokopp og matboks, eller til å handle med handlenett.

Eg er kanskje rart sett saman, men eg tykkjer at utfordringar av denne typen er noko av det kjekkaste eg gjer. Å gå gjennom vaner og tankesett for å sjå at alt er mogleg å endre på eller å gjere på ein betre måte tykkjer eg er kjempeinspirerande og fascinerande. Eg vil på ingen måte hevde at vi kan avlyse klimautfordringane i verda ved å bruke matboks, men det står som ein representant for at det alltid er mogleg å gjere eit betre og meir gjennomtenkt val, og at alle kan bidra til å redde verda litt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s