Oppsummering

«Lurer på korleis det der Zero Waste-prosjektet til Marièl eigentleg gjekk», tenkjer du kanskje. «Klarte ho seg gjennom jula? Korleis går det i dag»? 

Eg kan fortelje at det har gått relativt bra. Jula er over og bossbilane har teke med seg det siste pyntebandet, glaserte gåvepapiret og klistrelappane frå klementinane, og vi er i gong med nytt år. Vi prøvar framleis og som alltid å produsere minst mogleg avfall frå hushaldet, og nokre gongar lukkast vi. Jula er ei litt spesiell tid, nettopp på grunn av at det å legge om til nye vaner gjerne også krever faste rutinar. Og sjølv om jula er full av tradisjonar så er det kanskje ikkje så mykje rutinar å snakke om. Ein kjøper litt ekstra sjokolade og snop i ei merkeleg overjugla innpakning, og nappar med seg eit par ekstra handleposar når ein innser at julehandelen overfløymer alt ein hadde teke med seg av handlenett. Og så kjøper og mottek ein gåver som er pakka inn i ein morosam miks av plastogpapp, og sidan vi no har ungar- endelause mengder av sanne små (#%&!»#) ståltrådbitar med plasthylse som ein surrar leikar fast i emballasjen sin med.

Før eg heiv meg uti prosjektet så tykte eg heilt ærleg at Zero Waste høyrtes ganske tullete ut. Å klare å leve utan å produsere søppel høyrest ut som noko ein kanskje krampaktig kan klare dersom ein er hipp og singel og bur i by, der det bugnar av alternative butikkar, innvandrarbutikkar og helsekost. Eg skjønte ikkje heilt om ein med «null søppel» meinte det heilt bokstaveleg – altså ingen ting til gjenvinning, eller om ein meinte «null restavfall»- altså å vere beinhard på resirkuleringa. I Gloppen er vi så heldige at vi har ei ordentleg bra resirkuleringsordning, så eigentleg skulle det vere tilstrekkeleg, tenkte eg. Men så las eg denne boka etter anbefalingar frå det norske ZW-miljøet:

Og her lærte eg mykje! Ikkje berre konkret om kva vaner ein kan legge om for å produsere mindre søppel, men også nokre prinsipp, kjent som «dei 5 R-ane»:

  1. Refuse (avvis). Om du takkar nei til gratis pennar, notatbøker, kvitteringar, sugerør, serviettar og så bortetter, så kan du redusere mykje avfall allereie i butiken. Dette er eit prinsipp som er like brukande uansett kvar du bur.
  2. Reduce (reduser). Her handlar det meir om å gjere medvitne val, og dette er kanskje det punktet der det er størst skilnad mellom by og land. Her handlar det om å velge det produktet eller løysinga som gjev minst avfall. Handle i lausvekt eller i store kvanta.
  3. Reuse (bruk om att). Ver kreativ. Finn nye måtar å bruke ting på i staden for å berre kaste. Og er du som meg at du ikkje har lyst til å måtte vere kjempekreativ med kvar ei panteflaske eller sokk med hol i, så let du vere å kjøpe brus eller ting i flaske, eller du stoppar sokkane dine og kjøper sokkar av god kvalitet.
  4. Recycle (resirkuler). Har du gått gjennom punkt 1-3 så skal det i prinsippet vere lite att å resirkulere. Men det du har skal du putte i rett dunk!
  5. Rot (rotne). Komposter! Har kommunen din kompostlevering så er det fint. Men det beste er om du sjølv kan ha ein kompost og lage jord sjølv! Her er det faktisk ein fordel å bu på landet kontra by; det er mykje enklare å setje opp kompostar her.

Så svaret er altså at «null søppel» faktisk tyder null søppel. Av alle typar. Men «null søppel» skildrar ikkje eit perfekt liv frå og med i dag, der er heller eit punkt å feste kompasset på i alle val frå og med i dag. Så eg kjem til å halde fram med å gjere så medvitne val som mogleg kvar gong eg skal handle, og å lære meir om kva vegar som er lurast å gå for å nå målet. Eg vil aldri meir bruke pengane mine på emballasje som skal rett i søpla, eller å oppmode til større produksjon av gulrøter i plast med plast på. Eg kjem til å halde fram med å vere ho som sender epost til butikkane med forslag om meir lausvekt i butikkane, som handlar brukt og bærekraftig og som handlar frukt i blondenett og pakkar varene i tøynett.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s