Blondenett

Eg har hausta ein del åtgaum for dei kjekke blondenetta eg laga for å handle mat i lausvekt utan plast, og mange har lurt på korleis ein lagar dei. Her kjem difor ein steg  for steg-instruks for korleis du kan lage dine eigne! Eller ein tutorial for korleis du kan DIY, som det heiter på bloggsk.

IMG_8098

Du treng:

  • Ei blondegardin (ny eller gamal)
  • Band av valfri art
  • Saks
  • Symaskin
  • Sikkerheitsnål

 

1. Klipp to bitar av blondestoffet som er litt større enn ønska storleik på posen

IMG_8104

2. Klipp to snitt i begge posane som forsøkt vist over. Den prikkete linja er der du skal sy etterpå. Snittet skal altså ikkje vere djupare inn i stoffet enn til der du skal sy, og det skal vere så langt nede på posen at du får plass til å sy ein kanal for snora. Eg forsøker å vise kva eg meiner på biletet nedanfor.

IMG_8106

Her har eg bretta ned stoffet for å sjå kor mykje eg treng for å få plass til kanal til snora.

IMG_8110

3. Sy inn kantane på den vesle flaffen (heiter det flaff?). Sidan blondestoff raknar fort er det lurt å sy sikksakksaum. Då festar og sikrar du stoffet på same tid.

IMG_8113

4. Så kan du sy ein kanal til snora på begge lappane. Om det skal sjå fint ut kan du jo sjå etter at du har ei «vrang» side og ei «rett» side.

IMG_8114

5. Deretter legg du dei to delane mot kvarande med utsida mot kvarandre, og syr saman posen (etter den prikkete linja på biletet øverdst). Men hugs å ikkje sy over snorkanalane. (Dårleg namn. Minuspoeng for potensiell teit orddeling). Så klipper du to snorer som er dobbelt så lange som breidda på posen. 

IMG_8115

6. Fest sikkerheitsnål i snora og tre gjennom begge sider. Fyrst den eine snora, så den andre.

IMG_8118

Sy saman kvar snor der dei møtest. Då vert den sjåande slik ut.

IMG_8119

Og SLIK ut når du snører saman.

Så er det berre å gå på butikken og handle i veg! Ta gjerne eit bilete av deg sjølv og blondeposen og send til meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s